Deling av eigedom

Ynskjer du å frådele ei tomt, overføre areal, opprette anleggseigedom eller opprette ein festegrunn for meir enn 10 år, må du søkje kommunen om løyve.

Ved deling av eigedom, blir eit areal av ein eksisterande eigedom frådelt, oppretta som ein eigen eigedom (ny matrikkeleining) og tildelt eige matrikkelnummer (gards- og bruksnummer).
Den nye eigedomen blir registrert i grunnboka og i matrikkelen (eigedomsregisteret og eigedomskartet).
Bestemmingar omkring deling av eigedom finst i plan- og bygningslova og i matrikkellova

For frådeling av eit areal som skal leggjast til annan eigedom, sjå arealoverføring
For frådeling av eigedom over eller under bakken, sjå anleggseigedom
For frådeling av eigedom som skal leigast/festast bort i meir enn 10 år, sjå festeigedom

Kven kan søkje?

Søknad om deling og rekvirering av oppmålingsforretning kan søkjast av heimelshavar, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt.
I dei høva der det er eit firma som er eigar av eigedomen, er det naudsynt at det blir lagt ved ein firmaattest av nyare dato.

Fullmaktsskjema

Søknad om deling skal innehalda

  1. Skjema for deling skal nyttast. Skjemaet må underteiknast av samtlege heimelshavarar.
  2. Situasjonskart – her skal det tydeleg fram kva for areal som søkjest frådelt.
  3. Gjenpart av nabovarsel.
  4. Ved frådeling av byggetomt:
      a. Naudsynte erklæringar (rett til veg, vatn og kloakk).
      b. Søknad om avkøyring til offentleg veg.
      c. Søknad om utslepp dersom ein ikkje kan koplast til offentleg vatn og avlaup.
      d. Søknad om tilknyting dersom offentlege leidningar i området.
  5. Grunngjeven dispensasjonssøknad når formålet med frådelinga ikkje er i samsvar med gjeldande kommuneplan, kommunedelplan eller arealplan.
  6. Naboliste kan tingast via kommunen - sjekk opp Infoland.


Tinglysing og skjema
Fullmaktsskjema

Saksgang

Når søknaden er registrert i kommunen, utfører vi ein enkel gjennomgang av saka.
Er det manglar i saka, orienterer vi om det.
Treng søknaden handsaming eller uttale frå andre offentlege innstansar, sørgjer kommunen for innhenting av desse.
Blir det søkt om frådeling av ein landbrukseigedom, må søknaden óg handsamast av landbruksmyndigheitene etter jordlova § 12.

Følgjande vilkår må vere oppfylt:

  • Formålet med frådelinga må vere i samsvar med gjeldande arealplan, elles må det søkjast om dispensasjon.
  • Tomta si form og storleik må vere skikka til bygningar. Dette gjeld både ny tomt og avgjevartomta.
  • Ny byggetomt må vere sikra lovleg tilkomst og avkøyring frå offentleg veg.
  • Ny byggetomt må vere sikra lovleg vannforsyning og bortleiing av avløpsvatn. 

Vedtak etter plan- og bygningslova:

Vedtaket vert fattast med heimel i plan- og bygningslova.
Vedtaket blir sendt til søkjaren med kopi til eventuelle partar som har hatt motsegn til søknaden.
Partar som har kome med merknader i saka har klagerett på vedtaket.
I saker der det er innvilga dispensasjon vil Statsforvaltaren ha klagerett.

Vidare saksgang ved oppmålingsforretninga

Når du har motteke løyvet, kan du rekvirere (bestille) oppmålingsforretning.
Rekvirenten(ane), naboar og eventuelle rettigheitshavarar til arealet som skal frådelast blir innkalla til oppmålingsforretninga per brev minst to veker før oppmålingsforretninga skal haldast, dersom ikkje anna er avtalt (jf. forskrift § 37 i matrikkellova).
Om nokon skal møte i staden for dei som er innkalla, må desse ha skriftleg fullmakt.
Oppmålingsforretning over eigedomen blir halden, kor partane bidreg med å påvise eksisterande grenser i samsvar med målebrev/skylddelingsforretningar.
Nye grenser etter delingsløyve blir påvist og blir stukke ut av landmåler.
Grensemerke blir sett ned i marka og grensepunkta blir målt.
Det skal førast protokoll over kva som er avklart og avtalt ved forretninga.
Matrikkellova
Rekvisisjon av oppmålingsforretning

Matrikkelføring og tinglysing

Etter at oppmålingsforretninga er gjennomført og eventuelle vilkår er oppfylt, blir den nye matrikkeleininga ført inn i matrikkelen og sendt over for tinglysing (sjå matrikkelloven § 15).
Om det er tinglyst uråderett på eigedomen arealet skal delast frå, eller det er andre tilhøve som hindrar tinglysing, vil saka bli returnert til kommunen og deretter til partane for retting.
Matrikkellova 

Matrikkelbrev

Når kommunen får tilbakemelding på at den nye matrikkeleininga er tinglyst, blir matrikkelbrev utarbeidd og sendt til rekvirenten(-ane).
Partane har klagefrist på 3 veker frå det tidspunkt då matrikkelbrev vart motteke.

Pris

Arbeidet med ei frådelingssak er gebyrbelagt.
Det vil vere eitt gebyr for sakshandsaming etter plan- og bygningslova og eitt gebyr for oppmålingsforretninga.
I tillegg kjem tinglysingsgebyr.

Skøyte

Overskøyting av den nye parsellen til ny eigar må partane ordne sjølv.
Er det behov for hjelp til oppretting av dokument som skal tinglysast, vil vi anbefale at partane søker hjelp hjå ein eigedomsmeklar eller advokat.
Meir informasjon om heimelsovergang ved skøyte:

Kartverket si informasjon om skøyte
Skøyte