Farleg avfall, nedgravde oljetankar og forureina grunn

Farlig avfall

Dette er avfall som kan gjere stor skade på naturen og mennesker, og det må derfor leverast inn til eit godkjent returpunkt for forsvarlig handsaming. Tenesta er gratis for privatpersonar – og det kan leverast opp til 1 000 kg pr år – inkluderar impregnert trevirke og asbest.

Nedgravde oljetankar

Mellom 1950 og 1980 var det ganske vanleg å installere oljefyr/kamin i bustadhus, med ein nedgravd oljetank utafor huset. I dag er det mindre vanlig at oljetankene er i bruk, blant anna på grunn av at prisen på å varme opp et bustadhus med olje er blitt dyrare enn andre løysingar.

Viktigheten av jevnlig kontroll av oljetankar

«Tome» oljetankar vil som regel likevel alltid innehalde ein liten oljerest. Tankene blir eldre og eldre, og faren for forureining aukar dersom ikkje eigaren jevnlig kontrollerar tanken. Dette er eigaren sitt ansvar. Lekkasje frå gamle oljetankar er eit lokalt miljøproblem og kan føre til forureining av grunn og grunnvatn. Ved lekkasje frå tanken er det eigar som er ansvarleg og som må dekke kostnadar for å rette opp uhellet på eigen og eventuelt andre sin grunn.

Forureina grunn

Ingen må ha, gjere eller sette i verk noko som kan medføre fare for forureining (forureiningslova § 7). Dette gjeld og forureining i grunnen. Dersom nokon ønsker å grave eller bygge på eit område kor det kan vere mistanke om forureining, må området undersøkast før det blir gravd eller bygd på, og regelverket må følgjast.

Kommunen som forureiningsmynde

Kommunen er forureiningsmynde i saker som skal handsamast etter kapittel 2 i forureiningsforskrifta. For tiltak som strekk seg ut i sjøen er det Statsforvaltaren som er mynde.

Tiltakshavers ansvar

Sjå informasjon frå Miljødirektoratet, tiltakshavers sitt ansvar.

Artikkelliste