Kommunekart er ein kartteneste der ein enkelt kan finne detaljerte kart, arealplanar og flybilde av kommunen, samt lage terrengprofilar, teikne og måle avstandar.
Du gjer oppslag i kartet ved å søke på adresse, gards- og bruksnummer eller stadnamn i søkeboksen oppe i venstre hjørne.
Du kan sette på fleire kartlag ved å trykke på boksen «kartlag» oppe i venstre hjørne. Deretter kjem det opp ei boks til høgre der ein kan huke av ønskt kartlag. Ved å klikke på eit objekt i kartet vil du få opp meir informasjon.
Finn reguleringsplan og føresegner
Du kan enkelt finne gjeldande plan eller arealformål for eit bestemt område.
- Søk opp adresse eller gards- og bruksnummer
- Skru på kartlaget: Arealplan>reguleringsplan/kommunedelplan/kommuneplan.
- Klikk på området/punktet i kartet
- Under «Kartlagsinfo for valgt punkt» får du opp informasjon om kva plan og arealformål som gjeld på dette området/punktet.
- Klikk på «Vis planinformasjon» for å komme inn i kommunens planregister. Her ligg PDF-versjon av kart og føresegner.
Dersom du allereie kjenner namnet på planen kan du enkelt søke denne opp i kommunen sitt planregister her.
Skrive ut kart
For å skrive ut eit situasjonskart klikkar ein på Meny > Skriv ut i venstre hjørne. Vel arkstorleik og målestokk. Flytt utsnittet til ønskt plassering. Klikk deretter på «Lag pdf», når pdf’en er ferdig trykker du «Last ned fil».
Kommunekart