Kjøpe kart og eigedomsinformasjon

Det meste av kartinformasjon og opplysningar om eigen eigedom er tilgjengelege for privatpersonar på "kommunekartet" og MinEigedom. På Sjå eigedom kan ein finne eigedomsdata frå grunnboka og matrikkelen.

3 ulike leverandørar

Kommunen har avtale med 3 leverandørar av sjølvbeteningsløysingar for kjøp av kartdata, meklarpakker, nabolister/naboarsel, arkiv- og matrikkelinformasjon med meir.

Norkart/e-Torg

Ambita/Infoland

Proconet/ePlassen

Dei fleste produkta hos eTorg og Infoland er automatiserte og blir levert i løpet av minutt.

Produkt som krev manuell behandling har ei leveringstid på inntil 5 arbeidsdagar, og litt lengre ved ferieavvikling. Dette gjeld for døme eigedomsopplysningar (meklarpakkar) og utskrift frå byggesaksarkivet.

Pris og produktsamansetjing varierar mellom leverandørane. Sjå leverandøren sin bestillingsside.

For å betale kan du velje mellom å registrere deg som kunde eller du kan betale med kort. Nokre leverandørar støttar også Vipps.