Min side
På Min side kan du finne eigedomssinformasjon over tomter og bustader du eig. Du må kunne logge deg inn i Id-porten med hjelp av elektronisk ID.
Logg inn her: https://minside.kommune.no/
Sjå eigedom
På https://seeiendom.kartverket.no/ kan du søke etter ein eigedom og finne eigedomsdata frå grunnboka og matrikkelen.
Matrikkelen er det offisielle eigedomsregisteret i Noreg, og inneheld faktiske opplysningar om eigedomsgrenser, areal, bygningar og adresser.
Grunnboka inneheld tinglyste opplysningar om rettar til eigedomar, slik som registrerte eigarar, panterettar og andre rettar. Eit matrikkelblad for ein eigedom inneheld også opplysningar om kva eigedom han er skild ut frå, og om det er skild ut eigedomar frå han.