Bruksendring frå fritidsbustad til bustad

Åseral kommune opnar for å gje dispensasjon for fast busetjing i hytter. Denne rettleiaren er utarbeidd for å informera om kva som må vera på plass for at det kan vera aktuelt å gi slik dispensasjon.

Bruksendring frå fritidsbustad (hytte) til bustad vil utløysa krav om søknad etter plan- og bygningslova § 20-1 bokstav d). I tillegg må det søkjast dispensasjon jf. plan- og bygningslova sitt kapittel 19 då ei slik endring vil vera i strid med pbl § 12-4 andre avsnitt (arealformål). Ein søknad om dispensasjon må grunngjevast, og ein må varsle naboar om dette.

Åseral kommune ynskjer å leggja til rette for at dispensasjon kan løyvast, men so ikkje å undergrava intensjonane med dei gjeldande planane, vil mellombels dispensasjon jf. plan-og bygningslova § 19-3 bli vurdert.

Det vil vera ei føresetnad at ein endrar bustadsadresse i folkeregisteret til den aktuelle eigedomen der det blir løyvd dispensasjon. For informasjon – sjå www.skatteetaten.no. Dette vil bli sett som eit vilkår i vedtaket med ein tidsfrist for oppfylling jf. plan- og bygningslova § 19-2 første ledd.

Før ein søkjer om dispensasjon/bruksendring oppfordrar me til å lese seg opp på temaet:
Sjå Skatteetaten sin artikkel "Dette bør du vite om flytting til hytta"
Sjå NVE sin artikkel "Krever bruksendring for å få strømstøtte til forbruk i fritidsboliger"
Sjå Statsforvalteren i Innlandet sin artikkel "Ingen snarvei til strømstøtte på hytta"
Sjå uttale frå Kommunal- og distriktsdepartementet "Spørsmål om endra bruk av bostad frå fritidsbustad til heilårsbostad for å få straumstøtte"

Artikkelliste