Solenergianlegg

Solarsystem er eit alternativ til energi levert frå det vanlege straumnettet. Det kan bli brukt for å dekkje heile eller delar energibehovet for bygningar. Solenergi er ei miljøvenleg fornybar energikjelde.

Åseral kommune er positiv til oppretting av slike anlegg. Hovudregelen er at reguleringsplanen for eit område/hyttefelt fortel om solanlegg er tillate på eller i tilknyting til bygningane.

  • I område med krav til torvtak er det ikkje tillate med solceller på taket.
  • I område med krav om at taktekket skal vere mørkt og matt er det tillate med solceller på taket, gitt at desse er mørke og ikkje fører til refleksjon.
  • I område med krav om at det ikkje skal nyttast lyse eller skarpe fargar utvendig på hytta eller på taket, er det tillate med solceller på taket, gitt at desse er mørke og ikkje fører til refleksjon.
  • Planar i hytteområda er generelt strenge når det kjem til frittståande tiltak, som flaggstenger og gjerde. Dette legg også retningslinjer for at frittståande solanlegg ikkje er tillate i desse områda.
  • Dei fleste planane i hytteområde har eigne føresegner når det gjeld utforming av hytta. Her står det ofte at «det skal leggjast vekt på at bygningane får eit tiltalande ytre på alle frittståande sider.». Solcellepanel på vegg kan i fleire tilfelle vere i samsvar med planen, men kommunen ønskjer at initiativtakar tek kontakt på førehand for ei vurdering av tiltaket.  

For å vite kva som gjeld i eit område, må ein alltid sjekke kva som står i planen. Sjå under avsnittet «kommunekart» for å lese om korleis ein finn gjeldande plan for eit bestemt område.  

Det finst mange typar solenergianlegg, alt frå dei aller minste til store frittståande installasjonar. Nokre anlegg kan ein sette opp utan søknad, medan andre må søkjast om. Utgangspunktet er at anlegg montert på eksisterande bygningar ikkje er søknadspliktig, medan frittståande må ein søkje om. For å finne ut om ein må søke, baserer kommunen seg på rettleiaren frå Norsk Kommunalteknisk Foreining.