Sjekke regulering av eigedom
Om du skal byggje noko eller du skal dele frå ei tomt, så bør du sjekke kva eigedommen er regulert til fyrst. Dette gjer du ved å gå inn i vårt kart. Søk deretter opp eigedommen, adressa eller zoom deg inn i rett område. Trykk på knappen "kartlag" oppe til venstre. Du vil då få opp ei liste til høgre. Huk av for "Arealplan" i denne lista. Kartet vil då bli oppdatert med gjeldande reguleringsplan. Dersom du er i eit område der det er kommuneplanen som gjeld, må du gå i nedtrekksmenyen for "Arealplan" i lista til høgre og huke av for kommuneplan.
Korleis lese reguleringa i kartet
Når du har fått teikna opp planen i aktuelt område, trykker du med venstre musetast i kartet. Du vil då få opp kartlagsinfo for valt punkt til høgre i vindauget. Trykk på nedtrekksmenyen til "Reguleringsplan" eller "Kommuneplan". Under "Arealformål" vil det stå informasjon om kva eigedommen er regulert til. Er tiltaket du skal til med i samsvar med føremålet i planen står det berre att å undersøkje føresegnene til planen. Det kan vere at føresegnene til planen gjer at du må søke dispensasjon. Føresegnene finn du i "Planarkiv" (nedst i vindauget for "Arealformål")
Om du treng dispensasjon
Vi har laga ei sjekkliste for kva du må ha med i ein søknad om dispensasjon.
Her er skjema som kan brukast til søknaden.
Alle dispensasjonssøknader vert handsama politisk i Hovudutvalet for drift og utvikling.