Radonmåling

Radon er ein usynleg og luktfri gass, som blir danna kontinuerleg i jordskorpa. Utandørs vil radonkonsentrasjonen normalt vere låg, og helsefare oppstår først når gassen siv inn og blir konsentrert i vårt innemiljø.

Radon i inneluft aukar risikoen for lungekreft. Auking av risiko blir bestemt av kor lang tid ein blir utsett for radon og av kor høgt radonnivået er.

Det er enkelt å måle radon, og dersom radonnivåa skulle vise seg å være for høge, finst det effektive radonreduserande tiltak.

Vi har valt å samarbeide med ein leverandør for å forenkle arbeidet med kartlegging av radon i kommunen.

Kommunen anbefaler alle huseigarar å få målt radonforekomsten i bygningane sine.

Korleis måle radon?

  • Vi anbefaler alle til å ta radonmålingar i eige hus.
  • Du må sjølv bestille målepakke(-ar).
  • Huseigarane står fritt til å velje ein annan leverandør enn Radonor. Målingar hos dei fleste aktørar kostar mellom 400 og 600 kroner, men prisane varierar.
  • Du finn ein oversikt over andre leverandørar av sporfilmar på nettsidene til Statens strålevern.

Kva skjer etter målinga?

  • Når målinga di er analysert får du ein målerapport tilbake.
  • Resultata blir og rapportert (anonymt) til kommunen (Miljøretta helsevern).
  • Dette hjelper kommunen til å få oversikt over radontilhøva i kommunen og dannar grunnlag for ein offentlig rapport om radonrisikoen i ulike delar av kommunen.
  • Miljørettet helsevern kan gi deg råd om hvilke tiltak du bør sette i verk om målingen viser høye verdier.

Krav til radon i kommunale bygg

  • I skular, barnehagar og utleigebustader som er omfatta av Strålevernforskrifta blir det stilt bindande krav til radonnivåa.
  • Når det gjelder andre bygningar anbefaler Statens strålevern at dei skal ha så låge radonnivå som praktisk mogleg og innafor anbefalte grenseverdiar.
  • Tiltaksgrense er 100 Bq/m3 og øvre grense 200 Bq/m3.

Meir om radon og radonmålingar

Best informasjon finn du på Statens strålevern sine nettsider.