Må eg søke?

Det finst mange typar søknad om bygg, sjølvsagt avhengig av kva som skal byggjast. 

Regelendringar mai 2021

Frå mai 2021 vart byggereglane forenkla. Du kan lese meir om kva som er friteke søknadsplikt her: Direktoratet for byggkvalitet. Sjå også byggesaksforskriften med rettleiing for utfyllande informasjon om forskjellige tiltak og søknadsplikt.

Elles oppmodar me til å ta kontakt med kommunen dersom du er i tvil. Det er betre med dialogen tidleg  i prosessen slik at ein kan unngå unødige forseinkingar. Kommunen er pliktig til å arrangere førehandskonferanse om nokon bed om det.