Bygg/tiltak utan søknadsplikt, plan- og bygningslova § 20-5
Fleire tiltak er friteke søknadsplikt, nokre skal meldast inn i etterkant. (Skjema som kan brukast ved innmelding finn du her.)
Du må uansett alltid vite kva reguleringsplanen tillet og gjev av moglegheiter der du ynskjer å setje i gang arbeid.
Sjå SAK-10 med rettleiing for meir utfyllande informasjon. Ved tvil, ta kontakt med kommunen for ei avklaring.
Type tiltak:
- Frittliggande bygning på bebygd eigedom som ikkje skal brukast til varig opphald eller bustadføremål inntil 50 m2 BRA eller BYA. Mønehøgde inntil 4 m, gesimshøgde inntil 3 m. Skal plasserast minst 1 meter frå nabogrense. (Ver merksam på at mange reguleringsplanar sett avgrensingar når det gjeld storleik.) Skal meldast inn i etterkant.
- Mindre tilbygg inntil 15 kvadrat BRA eller BYA. Tilbygget må vere understøtta og kan ikkje overstige to etasjar eller plan på det eksisterande bygget.
Skal meldast inn i etterkant. - Terrasse med høgde inntil 1 meter frå eksisterande terreng. Må vere forbunde med ein bygning og ikkje stikke lengre ut frå bygningen sitt fasadeliv enn 4 meter. Kan ikkje vere overbygd og avstanden til nabogrensa skal vere minst 1 meter. (Ver merksam på at terrasse som er høgare enn 0,5 meter skal reknast med i BYA. )
- Levegg med høgd inntil 1,8 meter og lengd inntil 10 meter. Avstand til nabogrense 1 meter.
- Levegg med høgd inntil 1,8 meter og lengd inntil 5 meter, kan plasserast inntil nabogrense.
- Mindre fasadeendring utan at bygningen sin eksteriørmessige karakter vert endra
- Mindre endringar etter kommunen sitt skjønn
- Oppsett av badestamp, jacuzzi eller linknande som ikkje er kopla til offentleg avløpsnett
- Mindre støttemurar
- Mindre fyllingar
- Oppsett av skilt inntil 3 meter montert på vegg
- Antennesystem inntil 5 meter
- Graving av grøfter, hugs tillating frå grunneigar
- Drenering
- Oppføring/riving innafor ei bueining
- Endring av sanitærinstallasjonar innan ei bueining