Informasjon om faktura for kommunale avgifter
Min side
På MinSide på kommunen si nettside kan du sjå post frå kommunen, mi eigedom, fakturaer som er betalte eller til forfall og finne diverse skjemaer. Her kan du òg gjere endringar på fakturahyppigheit på kommunale avgifter og sjå vatnmålaravlesingar siste 5 år.
Månadsvis fakturering eller fakturering 2 gonger i året?
Du får faktura for kommunale avgifter pr. i dag 1 gong i månaden dersom ikkje anna er avtala. Det er mogleg å endre dette til 2 gonger i året. Då vil faktura bli utsendt i april og september. For å endre fakturahyppigheit kan du logge deg inn på mi side på kommunen si heimeside. Endringar gjerast på mi eigedom og min fakturahyppigheit eller send e-post til faktura@aseral.kommune.no
Sal av bustad/hytte
Fakturaer blir sendt til heimelshavar på faktureringstidspunkt. Kommunen gjer ikkje oppgjer av vatnmålar eller resterande kommunale eigedomsgebyr. Dersom ny eigar ikkje er tinglyst ved utsending av faktura, så er det seljar som får faktura og står ansvarleg.
Viktig å merke seg at det er heimelshavar som til kvar tid er ansvarleg for påløpte gebyr på eigendomen, òg ikkje-betalte kommunale gebyr under tidlegare eigarar.
Feieavgift
Fritideigedomseigarar, som tidlegare ikkje har mottatt faktura for feiing, vil no få tilsendt faktura frå Åseral kommune. Brannvesen Sør har hatt ein gjennomgang av fritidseigedomar i kommunen. Gebyret er eit årleg gebyr, der tilsyn og feiing er behovsprøvd.
Alle spørsmål vedrørande feie og branntilsynsavgift rettes direkte til Brannvesenet Sør IKT på tlf 38 27 01 10 eller send mail til post@brannsor.no
Renovasjon
Renovasjonsselskapet for Hægebostad og Åseral (HÅR) sender faktura på renovasjon.
Andre spørsmål?
Send mail til faktura@aseral.kommune.no eller kontakte faktura ansvarleg på 38 28 58 00.