Les Forskrift om utvida bandtvang, Åseral kommune, Agder på lovdata
Bandtvang
Bandtvang er regulert i Hundeloven § 6: «i tida frå og med 01. april til og med 20. august skal ein hund bli halden i band eller forsvarleg innegjord eller innestengt, slik at ikkje den kan jage eller skade storfe, sau, geit, fjørfe, rein, hest eller vilt, innbegrepet viltets egg, reir og bo.»
Unntak fra sikringsreglene
I same lov § 9 står det lista opp unntak frå sikringsreglane:
Bandtvang fastsett i eller i medhald av §§ 4, 6 og 7 gjeld ikkje for:
a. hund når den blir brukt i reindrift,
b. dresert bufehund når den blir brukt til å vakte storfe, sau eller geit,
c. hund i aktiv politi-, toll-, militær- og redningsteneste eller under trening eller prøving for slik teneste,
d. hund i aktiv bruk som ettersøkshund etter såra eller sjukt vilt,
e. særlege bruksføremål, avgrensa område eller nærare angitte hunderaser eller hundetypar eller for hundar som har særskilt trening, når dette er fastsett av kommunen ved forskrift eller enkeltvedtak. Ved dette kan kommunen mellom anna legge ut eit område som dressurområde for hundar, dersom samtykke som nemnt i § 8 første ledd føreligg, f. hund når den blir brukt for jakt, jakthundtrening og jaktprøver mellom 20. august og 1. april eller når bandtvang er fastsett i medhald av § 6 annet ledd bokstavane c, d og e.
Ytterligere unntak og bestemmelser
Hund som nemnt i første ledd bokstav a til d eller i føresegna som gjeld særlege bruksføremål etter bokstav e, kan på ein aktsom måte sleppast slik det er naturleg ut frå bruksføremålet. Ein hund som blir nytta som jakthund eller er under trening eller prøve for dette, kan sleppast på ein aktsom måte slik det er naturleg ut frå bruksføremålet, når dette ikkje er i strid med viltloven, naturmangfoldloven eller regler om bandtvang. Det same gjeld for trening og prøving av ettersøkshunder.