Påkøyring av vilt
Det er di plikt å melda frå om påkøyrd dyr, og varslingsplikta gjeld anten du er med eller utan skuld i trafikkuhellet.
Du skal straks stoppa og hjelpa personar (ring 113 dersom akutt hjelp er nødvendig) og dyr som har komme til skade, og delta i dei tiltaka som uhellet gir grunn til, jf. §12 i Vegtrafikkloven.
Sjekkliste ved påkøyring av vilt
- Sikre skadestaden! Plasser bilen slik at han er godt synleg og skjermar skadestad. Set på nødblink og parkeringslys (nærlys kan blenda møtande). Ta på refleksvest og set ut varseltrekant.
- Ring politiet på 02800 (eventuelt 112). Politiet varslar dei lokale viltansvarlege.
- Bruk merkeband (kan fåast i servicetorget på rådhuset) eller noko anna godt synleg (til dømes ein refleksvest) til å markera påkøyrselsstaden tydeleg - eller der dyret forlét vegen. Dette for å kunna spora skadde dyr.
- Diriger trafikken om nødvendig.
Følg aldri etter skadde vilt! Viltet kan angripa, og dine spor kan øydeleggja for ettersøkshunden. Det er svært viktig at påkøyrselsstaden er nøyaktig merka slik at ettersøkhunden kan settjast direkte på sporet av det påkøyrde dyret. Viss det påkøyrde dyret er i live og ikkje klarer å forlata påkøyringsstaden skal dette få fred og du skal ikkje nærma deg dyret.
Freda dyr som ulv, gaupe osv. er ikkje noko kommunen har ansvaret for. Det same gjeld husdyr.
Lovverk om plikter til bilføreren ved viltpåkøyringar
Vegtrafikkloven §12 - Plikt ved trafikkuhell
«Enhver som med eller utan skuld er innblanda i trafikkuhell, skal straks stoppe og hjelpe personer og dyr som er komne til skade, og elles delta i dei tiltaka som uhellet gir grunn til. Denne plikt har, om det er nødvendig, også andre som er i nærleiken eller som kjem til staden. […]»
Dyrevelferdsloven §4 – Hjelpeplikt
«Enhver som påtreff eit dyr som åpenbart er sjukt, skadd eller hjelpelaust, skal så langt mogleg hjelpe dyret. Dersom dyret er eit dyr frå dyrehold eller storvilt, og det ikkje er mogleg å yte god nok hjelp, skal eigaren eller politiet varslast umiddelbart.
Dersom det er åpenbart at dyret ikkje kan leve eller bli friskt, kan den som påtreff dyret avlive dette med ein gong. Dyr frå dyrehold og storvilt skal ikkje avlivast i samsvar med denne bestemmelsen dersom det gjer seg gjeldande å få tak i eigaren, veterinær eller politiet innan rimelig tid. […]»
Nokre råd for å unngå påkøyring av vilt
Grupper av dyr
Hjortevilt held ofte saman i små flokkar. Ser du eit dyr kryssa vegen, er det derfor sannsynleg at det kjem fleire. Senk farten og sjå om det kjem fleire dyr. Det er viktig at du ikkje blir så fokusert på det eine dyret du har unngått, at du i staden treff det neste dyret som kryssar vegen.
Høg fart gir fleire ulykker
Høg fart på vegane er ein medverkande årsak til talet på viltpåkøyringar. Køyrer du i 70 kilometer i timen i staden for 80, minkar risikoen for ulykker med 50 prosent, viser tal frå Transportøkonomisk institutt.
Ver merksam ved grålysning og solnedgang
Flest ulykker skjer frå kl. 06-10 på morgonen og frå kl. 18-01 på kvelden. Ver derfor spesielt merksam og senk gjerne farten litt i desse periodane.
Skadd vilt
Du melder frå om skadd småvilt eller dødt småvilt til Mattilsynet på tlf. 22 40 00 00.
Store rovdyr og kongeørn som er skadd, må bli meldt til Statsforvaltaren i Agder eller politiet.
Her kan du lesa meir om kva du kan gjera om du har funne eit skadd eller sjukt dyr: Eg har funne eit skadd eller sjukt dyr - kva gjer eg? - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no).
Merk: Når det gjeld sjukt eller skadd småvilt (til dømes fugl, gnagarar osv. , men ikkje rev og grevling), kan avliving gjerast av kven som helst føresett at det kan gjerast på ein human måte. Det er inga plikt til å melda slik avliving til kommunen, men dyret skal avlivast med ein gong av den som finn det. Viss ein ikkje ønskjer å gjera avlivinga sjølv, kan ein kontakta veterinær, viltnemnda eller ein lokal jeger.
Viss det skadde dyret er ein bjørn, ulv, gaupe, jerv, hjortevilt (elg, hjort eller rådyr), rev eller grevling, skal du varsla politiet (tlf: 02800) som igjen varslar kommunen eller statsforvaltaren som er ansvarlege for avlivinga.