Retningslinjer for tildeling av snøskuterløyve 2023-2027
Kommunestyret vedtok hausten 2023 retningsliner som er gjeldande for tildeling av snøskuterløyve innan valperioden fram til 2027. Desse gir søkjar ei betre avklaring og er til god hjelp ved søknad. Utgangspunktet i lova er at det er forbode med motorferdsel i utmark, men så finst det nokre unntak for dette. Nokon er heimla direkte i lov og forskrift, medan andre kan det søkjast dispensasjon for.
Nyttige lenker og dispensasjon for verneområder
Under finn du nyttige lenkjer som kan nyttast. Ein vil samstundes gjere merksam på at dersom det er tale om motorferdsel i verneområdet så må dette søkjast på eige skjema som vert lagt med søknad til kommunen. Søknaden vert så handsama av vernestyret før kommunen handsamer den. Ein søknad i verneområdet vil difor ta mykje lengre tid å få svar på enn ein søknad utanfor verneområdet.
Kart og søknad
Hugs at ALLE søknader skal innehalde eit detaljert kart med innteikna køyrerute. Du finn kart i lenkje under der du enkelt kan teikne inn rute/avmerkingar med verkty i venstre marg. Hugs å gjere kartet samt eventuell søknad SVR ferdig før du byrjar på søknaden slik at du kan laste denne opp.
Verktøy og lenker
Retningsliner for tildeling av snøskuterløyve for perioden 2023-2027 (PDF, 359 kB)
LOV - lovdata
FORSKRIFT
NATURENS MANGFALDSLOV
SØKARGUIDE SVR (verneområdet)
SØKNADSSKJEMA KOMMUNEN
Søknadsskjema SVR (verneområdet) (PDF, 68 kB)
Her kan du teikne inn på kart