JAKT
Miljødirektoratet har laga ei oversikt over landsdekkjande jakttider i perioden 1. april 2022 - 31. mars 2028. Oversikta kan finnast på nettsida til Miljødirektoratet.
I Åseral kommune følgjer jakt på hjortevilt dei nasjonale jakttidene og er frå:
Elg: 25. september – 23. desember
Hjort: 1. september – 23. desember
Rådyr: 1. september – 23. desember
Vaksen rådyrbukk: 10. august – 23. desember
| Elg | Hjort | Rådyr |
Minsteareal | 5000 daa | 5000 daa | 500 daa |
Jakt på bever
I Åseral kommune følgjer jakt på bever dei nasjonale jakttidene og er frå 1. oktober til 30. april, jf. Forskrift om tilgjenge til jakt og fangst av bever, Åseral kommune, Vest-Agder.
Oversikt over jaktlag og vald i Åseral kommune, samt statistikk over felte dyr
Informasjonen kan finnast på nettsida til Hjorteviltregisteret.
Godkjenning og endring av vald
Dersom det er endringar - nye grunneigarar i valdet, valdet skal utvidast, eller eigedom skal trekkjast ut av vald - så må jaktrettshavar melde dette skriftleg til valdsansvarleg med kopi til kommunen innan 1. april. Ved ein eller fleire endringar i valdet så skal valdsansvarleg senda ein samla søknad om godkjenning av valdet til kommunen innan 1. mai, for ny godkjenning.
Skjema til søknad om godkjenning av vald: Søknad om godkjenning av vald
Søknad om godkjenning av vald blir send til kommunen:
Epost: post@aseral.kommune.no
Post: Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 Åseral
Bestandsplan
Vald som disponerer eit teljande areal på minimum 20 gonger minstearealet kan søkja kommunen om godkjenning av ein fleirårig, maksimalt femårig, bestandsplan for elg og/eller hjort, jf. §15 i Forskrift om forvaltning av hjortevilt.
Frist for å søkja kommunen om godkjenning eller endring av bestandsplan er 1. mai.
Søknad om godkjenning av bestandsplan blir send til kommunen:
Epost: post@aseral.kommune.no
Post: Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 Åseral
FISKE
Det er ulike regler som gjelder for fritidsfiske, avhengig av om du fisker i sjø eller i ferskvann, årstider, art, og så videre.
Barn under 16 år kan fiske fritt i ferskvann med stang og håndsnøre.
I Aust- og Vest-Agder er det tillatt å fiske etter aure (ørret), abbor (sjebbe), og bekkerøye, samt gjedde, karpe, karuss, gullvederbuk, røye, sandkryper, skrubbe, suter, sørv, trepigget stingsild og ørekyt.
Alle over 16 år må kjøpe fiskekort eller innhente fisketillatelse hos fiskerettshaveren før fisket starter.
Kjøp fiskekort her