Sal, servering og skjenkeløyve

Her finn du korleis det skal søkast og kva som krevjast i samband med servering av mat og alkohol.

Serving- og/eller skjenkeløyve

Serveringsløyve for mat og drikke

Planlegg du å starte ein serveringsstad med servering av mat eller drikke, må du ha serveringsløyve. For å kunne søkje om skjenkeløyve for alkohol, må du fyrst ha serveringsløyve.

Korleis få serveringsløyve?

Dagleg leiar må ha bestått etablerarprøva for å kunne søkje om serveringsløyve. Løyvet vert gitt til verksemda som eig serveringsstaden. Bruk det elektroniske søknadsskjemaet under for å søkje om serveringsløyve.

 

Salgsløyve - For butikkar som skal selja alkohol

Butikkar som skal selja alkohol, må søkje om salgsløyve. Salgsløyve gjeld for drikke med maksimalt 4,7 % alkohol. Bensinstasjonar og kioskar kan ikkje få salgsløyve. Salgsløyvet vert gitt for fire år om gongen.

Korleis få salgsløyve?

Salgsløyvet vert gitt til den personen eller verksemda som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet. For kvart løyve skal det utpeikast ein styrar og ein avløysar. Begge må ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova, vere over 20 år, arbeide i den aktuelle verksemda og elles oppfylle krava til vandel i alkohollova.

Bruk det elektroniske søknadsskjemaet under. I søknaden må du mellom anna gje opplysningar om staden, eigartilhøve og namn på styrar og avløysar for løyvet. 

Desse vedlegga må følgje med søknad om salgsløyve:

  • Firmaattest
  • Skatteattest for driftsselskapet
  • Tillatelsedokument (leigekontrakt eller anna dokument som stadfestar at du disponerer lokalet til det bruk som det vert søkt om).
  • Teikning av innvendige område der skjenkeområda er skravert.
  • Teikning/plan for uteserveringa, med grunneigar si godkjenning påteikna.
  • Vitnemål som stadfestar at styrar og avløysar har bestått kunnskapsprøve om alkohollova.
  • Stadfesting av at dagleg leiar har bestått etablerarprøva.
  • Tilsettingsbevis/dokumentasjon som viser styrar og avløysar si tilknyting til serveringsstaden.

Kva kostar det?

Prisen for eit salgsløyve blir rekna ut på grunnlag av forventa årleg omsett mengde alkoholhaldig drikk. Gebyret regulerast gjennom Forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk osv. (alkoholforskriften) - Kapittel 6. Bevillingsgebyr - Lovdata

 

Ambulerande skjenkeløyve - For enkelthøve, ope eller lukka arrangement

Ambulerande skjenkeløyve/skjenkeløyve ved enkelthøve kan søkjast av personar som ønskjer å servera alkoholhaldig drikke i samband med eit lukka selskap eller eit bestemt høve.

Ambulerande skjenkeløyve 

  • Vert brukt ved bryllaup, jubileum og liknande.
  • Ikkje knytt til ein bestemt person eller skjenkestad, og gjeld berre skjenking til lukka selskap.
  • Arrangementet må vera ope berre for inviterte gjester. 
  • Vanlege medlemsmøte i ei foreining vil ikkje oppfylla lovas krav til lukka selskap. Klubbar med avgrensa medlemskap vert ikkje automatisk rekna som lukka selskap.

 Du må søkja om ambulerande skjenkeløyve dersom

  • Du leiger lokale og fleire tenester av utleigar, til dømes vasking og servering.
  • Du tar betalt for alkohol.
  • Arrangementslokalet har serveringsløyve.

Skjenkeløyve ved enkelthøve

  • Vert brukt ved enkeltarrangement som ikkje er lukka selskap.
  • Ansvarleg skjenkestyrar må vera over 20 år.

Du må søkja om skjenkeløyve ved enkelthøve dersom

  • Arrangementet ikkje er for eit lukka selskap
  • Du inviterer/annonserer via annonsar, plakatar eller sosiale medier
  • Lokalet som blir benytta er alment tilgjengeleg for offentlegheita og definert som eit forsamlingslokale

 

Etablerarprøva

Kven kan ta etablerarprøva?

Alle som ønskjer det kan ta etablerarprøva. Dersom du skal vera dagleg leiar av ein serveringsstad som serverer mat og alkoholfri drikke, må du ha bestått etablerarprøva. 

Pensum

Du finn læremateriell til etablerarprøva på nettbutikken vinn.no

Kva kostar det?

Pris blir regulert sentralt og kjem fram i prislista kvart år

Slik går du fram

Ta kontakt på telefon 38 28 58 00 for å avtala tid for avlegging av prøve.

Kunnskapsprøver

Kunnskapsprøver for salgs- og skjenkeløyve

Det er to typar kunnskapsprøve: Ei for salgsløyve i butikk og ei for skjenkeløyve på serveringsstad.

Kven kan ta kunnskapsprøve?

Alle kan ta kunnskapsprøvene. Dersom du skal bli godkjent som styrar eller avløysar på stader med salgs- eller skjenkeløyve, må du ha bestått prøva. Du må i tillegg ha fylt 20 år.

Pensum

Det finst bøker og anna læremateriell som inneheld det du treng

 

Alkoholpolitiske handlingsplan

Åseral kommune skal forvalte tildeling og oppfølging av sal- og skjenkeløyve på ein forsvarleg måte. Dette dokument er kommunens retningslinjer for handtering av sals- og skjenkeløyver og er i så måte bindande for all sakshandsaming av søknader om sals- og skjenkeløyver. Handlingsplanen er utarbeida etter dei mål og verdiar som er vedteke i gjeldande ruspolitisk handlingsplan.

Vedteke alkoholpolitiske handlingsplan for Åseral kommune (PDF, 2 MB)

 

Lenker til aktuelle søknadsskjema

- Fornying av sal- og skjenkeløyve for alkohol (skjema nyttast og ved nye søknader)

- Skjenkeløyve - enkelthøve/ambulerande

- Søknad om serveringsløyve

- Omsetningsoppgåve for alkoholholdig drikk