Åseral næringshus

Saman med Sparebanken Sør og Åseral Regnskapskontor har kommunen etablert Åseral Næringshus i det som tidlegare var Sparebanken Sør sine lokale i Kyrkjebygd. Banken og rekneskapskontoret skal framleis ha tilhald i næringshuset. I tillegg er det etablert fem attraktive og moderne kontor for utleige. Her kan leigetakarar bli ein del av eit aktivt næringsmiljø.

Kommunale tiltak for gründerverksemder

Kommunen har vedtatt at gründarverksemder skal få høve til å leige kontor til halv pris i ein avgrensa periode.
Prisane går fram av gebyrlista: 

Gebyrliste

Presisering av fellesutgifter

  • Oppvarming/straum
  • Reinhald (Fellesareal og kontor)
  • Forsikring (omfattar ikkje forsikring av den einskilde leigetakar sine private eigedelar)
  • Normalt vedlikehald
  • Renovasjon
  • osb

Kostnader som ikke inngår i fellesutgifter

  • Leige av dataline/fiber
  • Kostnader knytt til kopiering, skanning etc.

Tekniske fasiliteter i Åseral Næringshus

Åseral Næringshus har tilbod om internett-tilgang via fiberlinje, og tilgang til skrivar/kopimaskin og scannar i fellesareal.

For leigetakarar som ønskjer å nytte seg av dette, blir det avrekna i tillegg til lokalleiga.

Kontaktinformasjon

Ta kontakt for å høyre om kva kontor som er ledig. 

Kontorinndeling i næringshuset - Klikk for stort bilete Åseral kommune