Anvendelse av Skogfondet
Ved tømmerhogst skal ein del av verdien på tømmeret, ein sats på mellom 4 og 40% av brutto tømmerverdi, setjast av på skogfond. Beløpet som blir sett av til skogfond er ikkje skattepliktig. Skogfondsmidlane er knytt til skogeigedommen og pengane kan berre nyttast til aktivitetar knytt til skogeigedommen. Inneståande skogfondsmidlar følgjer eigedommen ved eigarskifte. Skogeigar har ikkje krav på renter av det som står inne på fondet. Rentemidlane går til administrasjon av skogfondsordninga, eventuelle tap ved ordninga, til ulike rådgivingstiltak og områdevise skogbruksplanar.
Sjekk din saldo og sjå film om skogfond
Her kan du sjekka saldo på skogfondet.
Sjå film om effekten og lønnsemda av skogfond.
Ynskjer du utbetaling frå skogfondet?
Enkelte kulturtiltak i skogen kan dekkast av skogfondet. Ved utbetaling får du delvis skattefritak, med unntak av utbetaling som skal gå til å dekkja meirverdiavgift.
Sjekk hva som kan dekkes av skogfondet
Viss du er usikker på kva som kan dekkjast og ikkje dekkjast av skogfond så kan du sjekka oversikta på nettsida til Landbruksdirektoratet.
Deadline for utbetaling fra skogfond
Frist for krav om refusjon er seinast året etter investeringa, men kommunen tilrår at krav blir fremja så raskt som mogleg etter investeringa.
Skjema for utbetaling fra skogfond
Skjema for utbetaling frå skogfond kan finnast på nettsida til Landbruksdirektoratet.