Bygging av landbruksveg

Nybygging og ombygging av skogbruksvegar (landbruksvegar) er søknadspliktige og skal vera godkjent av kommunen før dei blir bygde. Dette er for å sikra at omsynet til miljø, landskap, kulturminne, friluftsliv og andre ramma interesser blir varetekne. Når vegbygginga er ferdig skal vegane ferdiggodkjennast av kommunen innan fastsett frist.

Regler for ferdige landbruksveger

Det er, per februar 2024, kome ei presisering frå Landbruks- og matdepartementet (LMD) og Landbruksdirektoratet (LDiR). Det er ikkje mogeleg å søkje om å få handsama og evt. godkjent ein veg som allereie er ferdig bygd etter Forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksvegar. Det er da berre mogeleg å søkje om å få den handsama og evt. godkjent etter reglane i Plan- og bygningslova

Bygging og ombygging av landbruksveger

Bygging av nye og ombygging av eldre landbruksvegar er heimla i Skogbrukslova og Jordlova, og blir handsama gjennom Forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksvegar.

Planlegging for optimal utnyttelse

Under planlegginga av nye vegar skal ein sjå det området som terrengmessig blir avgrensa som eit skogsdriftområde som ein heilskap, og vegane i dette området blir planlagt som ei heilskapsløysing på tvers av eigedomsgrenser for å utnytta skog- og utmarksinteressene på ein best mogeleg måte. Landbruksvegar skal planleggjast, byggjast og godkjennast etter normalar for landbruksvegar gjevne ut av Landbruksdepartementet. 

Søking og mer informasjon

Meir informasjon og søknadsskjema for å søkje om bygging av landbruksvegar kan finnast på nettsida til Landbruksdirektoratet.

Du vil også finne mykje god informasjon på Skogkurs.no

Søknaden skal sendast den eller dei kommunane der veganlegget er lokalisert. Naboar og rettshavarar skal varslast om søknaden. 

Søknaden blir behandla av kommunen. Statsforvaltaren i Agder er klageinstans.

Kommunalt tilskot

I Åseral kommune blir det gjeve kommunalt tilskot til landbruksvegar. For meir informasjon sjå kommunen sine. Reglane for kommunale tilskot i landbruket 2024 Åseral kommune (PDF, 226 kB)