Konsesjonslova
Reglane om konsesjon står i konsesjonslova.
Konsesjon på Eigedom
Meir informasjon om konsesjon på eigedom kan ein finne på nettsida til Landbruksdirektoratet.
Korleis søke konsesjon?
Meir informasjon om korleis ein søkjer konsesjon for erverv av fast eigedom og aktuelle søknadsskjema kan ein finne på nettsida til Landbruksdirektoratet.
Behandlingsgebyret for søknad om konsesjon
Behandlingsgebyret for søknad om konsesjon er fastsett med heimel i Forskrift om gebyr for behandling av konsesjons- og delingssaker. Behandlingsgebyret er 5000 kroner.
Søknad om konsesjon blir sendt til kommunen:
Epost: post@aseral.kommune.no
Post: Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 Åseral
Konsesjonsfridom og Eigenerklæring
Den som skal ta over ein eigedom som er konsesjonsfri, må som oftast sende eigenerklæring om konsesjonsfridom.
Hovudregelen er at erverv av utbygd eigedom, som ikkje er større enn totalt 100 dekar og heller ikkje har meir enn 35 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord, er konsesjonsfrie.
Erverv frå nær familie er som regel konsesjonsfritt. Konsesjonslova § 5 første ledd regulerer kva familiemedlemmer ein kan overdra konsesjonsfritt til, eller erverva konsesjonsfritt frå.
For dei fleste konsesjonsfrie erverv må ein sende inn eigenerklæring om konsesjonsfridom. Meir informasjon og aktuelle skjema kan ein finne på nettsida til Landbruksdirektoratet.
Meldingsskjema kan også finne her: Eigenfråsegn om konsesjonsfridom ved tileigningkjøp av fast eigedom mv..pdf.
Melding om konsesjonsfridom og eigenerklæring blir sendt til kommunen:
Epost: post@aseral.kommune.no
Post: Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 Åseral