Krav til godkjenning av plantevernmiddel
Det vert sett strenge krav til midlar som skal godkjennast, særleg med tanke på uheldige effektar i høve til helse og miljø. Mattilsynet har også tilsyn med at plantevernmiddel vert selde og vert brukt slik regelverket seier.
Sal og bruk av plantevernmiddel
Sal og bruk av plantevernmiddel er regulerte gjennom Forskrift om plantevernmidler. Dei som brukar eller omset plantevernmiddel har ansvar for å fylgja regelverket. Mattilsynet har delegert enkelte oppgåver til Statsforvalterne og kommunane. Det er utarbeidd ein instruks for oppgåvene i kommunen, som går ut på å utskriva autorisasjonsbevis (sprøytesertifikat) til yrkesdyrkarar og behandla søknader om løyve til spreiing av plantevernmiddel i kantsoner, på åkerholmar og i utmark.
Mer informasjon om plantevernmiddel
Meir informasjon om plantevernmidlar kan finnast på nettsida til Mattilsynet.
Meir informasjon om plantevernmidlar kan finnast på nettsida til Statsforvalteren i Agder.
Autorisasjonsbevis
Alle som vil kjøpa eller bruka plantevernmiddel i yrkesmessig samanheng må ha eit gyldig autorisasjonsbevis. Dette gjeld også ansvarshavande hos forhandlarar av plantevernmiddel. Autorisasjonen gjeld for 10 år frå teken prøve. Ved fornying vert tilsvarande krav stilte som ved første gongs utferding. Dei som kjøper eller brukar plantevernmiddel har sjølv ansvar for å ha gyldig bevis og dessutan å fylgja andre regelverk for bruk av plantevernmiddel.
Autorisasjon kan berre gjevast til personar over 18 år og som har gått gjennom obligatorisk autorisasjonskurs og bestått eksamen, og dessutan dokumentert yrkesmessig behov for tilgang til kjøp og bruk av plantevernmiddel.
Søknad om autorisasjonsbevis vert behandla etter Forskrift om plantevernmidler og Instruks til kommune og statsforvalter om utøvelse av delegert myndighet etter plantevernmiddelforskriften.
Tilleggsautorisasjon for gnagarmidlar
Føresetnaden for å få autorisasjon for gnagarmidlar er at du:
- Har gått på tilleggskurs for gnagarnedkjemping og har bestått eksamen
- Eigar eller leigar ein landbrukseigedom
- Har gyldig plantevernmiddelautorisasjon
Autorisasjonen skal nyttast til å få bukt med mus/rotter på eigen eller leigd landbrukseigedom og i veksthus. Per i dag er ingen gnagarmidlar søkt godkjent som plantevernmiddel og det betyr at sjølv om du har denne tilleggsautorisasjonen kan du til dømes ikkje bruka gnagarmidlar med det formålet å få bukt med vånd som øydelegg grasmark, mus som et grønsaker på jordet eller rotter og mus som et av såfrø på låven.
Bruk av plantevernmiddel i skog og utmark, i kantsoner og åkerholmar
Spreiing av plantevernmiddel i kantsoner og på åkerholmar er i utgangspunktet forbode. Kommunen kan likevel etter søknad gi løyve dersom det er eit ledd i skjøtselen av kulturlandskapet.
Før det vert brukt plantevernmiddel i skog og utmark må det sendast melding til kommunen. Tiltak i område større enn 15 dekar er søknadspliktige.
Skjema for søknader og meldingar til kommunen (skog, utmark, kantsoner og åkerholmar) kan finnast på nettsida til Mattilsynet.
Plantevernjournal
Alle som brukar plantevernmiddel har ansvar for at regelverket for oppbevaring og bruk av plantevernmiddel vert følgde, og skal føra journal over bruken av plantevernmidla. Journalføring er viktig for å kunna dokumentera kva midlar som er brukte og kva tiltak som er gjennomførte. Plantevernsjournalen skal innehalda sprøytejournal, journal for vassvern og journal for integrert plantevern.
Det er krav om plantevernsjournal for alle som søkjer om produksjonstilskot. Dersom det vert funne under kontroll at ein søkjar ikkje har plantevernsjournal, vil dette føra til trekk i produksjonstilskotet.
Du kan finna opplysningar om, og malar til plantevernsjournalen på nettsida til Mattilsynet.