Driftstilskot
Føremål:
Føremålet med tilskotet er å bidra til at innbyggjarar i Åseral har eit godt og variert kultur- og fritidstilbod. Driftstilskotet gis som eit bidrag til å dekke foreininga sine kostnadar knytt til ordinære foreiningsaktivitetar. Ordninga er altså særleg retta mot medlemsaktivitetar som skjer på regelmessig basis gjennom året. Aktiviteten må vere tilgjengeleg for alle. Prioritert målgruppe er born og ungdom.
Kven kan søke?
- Frivillige lag, foreiningar og organisasjonar heimehøyrande i Åseral kommune, som tilbyr foreiningsaktivitetar lokalt i Åseral.
- Det er ei forutsetning at laget, organisasjonen eller foreininga skal vere registrert i kommunens foreiningsportal (aseral.foreningsportal.no)
- Nystarta foreiningar kan søke oppstartstilskot på kr. 3 000.
- Lag og foreiningar som har fleire undergrupper, skal sende inn ein felles søknad (og sjølv fordele tildelte midlar internt)
Kven kan ikkje søke?
- Lag og foreiningar som får andre faste tilskot av kommunen
- Velforeiningar, bygg- og anlegg, kommersielle tiltak, politiske organisasjonar, skuleklassar, barnehage, konfirmantgrupper samt foreiningar som har til oppgåve å ivareta medlemma sine yrkesmessige og økonomiske interesser.
Kva må med i søknaden?
- Namn på søker, organisasjonsnummer, adresse, kontaktperson, kontonummer, telefon og epost. Digitalt søknadsskjema på kommunen sin nettside skal nyttast.
- Kort presentasjon av aktiviteten/aktivitetane
- Aktivitetsplan (Liste over gjennomførte og planlagde aktivitetar inneverande år)
- Medlemsliste med fødselsår/alder
Korleis blir tilskotet fordelt?
Grunnstønad per godkjent søknad på kr. 2000,-
Resterande midlar fordelast på tal aktivitetspoeng berekna ut frå:
- 1 poeng per aktive medlem, 4 poeng ekstra per medlem under 20 år
- 4 poeng per aktivitet i eigen regi/delregi
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 1. november kvart år. Søknader som kjem inn etter fristen vil ikkje bli handsama.
Eining for kultur er ansvarleg for innstilling til HOL (hovudutval for oppvekst og levekår), som i sin tur fattar vedtak.
Retningslinjer vedteke av hovudutval for oppvekst og levekår 23.04.2024