Om Minne

Sommaren 2010 blei Minne Åseral kultursenter opna.

Om Minne Kultursenter

Senteret viser Åserals kulturarv og kulturliv, med bygdemuseum, turistinformasjon, filmsal med lokalhistoriske dokumentarar, kafé og ikkje minst ein flott eplehage. Gjennom året arrangerast det faste og skiftande utstillingar og arrangement. Minne er ein møteplass kor folk treffast fast kvar veke, Åseral husflidslag har faste aktivitetar for born og vaksne, kulturskulen si kunstgruppe held til her og lokale lag og foreiningar lånar lokale. Biblioteket er ein del av Minne kultursenter.

Ynskjer du ei omvising i utstillinga med ein tilsett, sø er det høve til å tinge dette.

Du kan leige møterom på Minne kultursenter.

Minne kultursenter - vinter - Klikk for stort bilete Odd Helge Liestøl