Opningstider
tysdag og fredag 10:00 - 15:00
onsdag og torsdag 10:00 - 17:00
Lån, reservér og forny
Ved bestilling og reservering på nett, loggar du inn på biblioteket sitt Websøk.
Brukarnamn er nummeret som står på lånekortet ditt.
Passord/pin-kode får du av biblioteket.
Når du er logga inn her, kan du sjå kva du har av lån, samt sende førespurnad til biblioteket om fornying.
Fjernlån/Norgeslån og fjerninnlevering
Biblioteka i Norge tilbyr fjernlån. Altså at det lokale biblioteket ditt kan bestille inn det biblioteket ikkje har i eiga samling. Det er fullt mogleg for deg å bestille dette sjølv, via nettsida Biblioteksøk, https://bibsok.no Her kan du velje kva bibliotek du vil ha det sendt til. For å bestille sjølv, føreset det at du har nasjonalt lånekort. Når du er innlogga i Biblioteksøk, kan du sjå innleveringsfristar, samt fornye låna dine sjølv.
Fjerninnlevering på bibliotek
I tillegg tilbyr biblioteka fjerninnlevering. Det tyder at du kan levere inn det du har lånt på kva som helst bibliotek i landet. Det tyder at reiser du på ferie til Lofoten medan boka du har med deg må leverast inn, går du til næraste bibliotek og leverer den der.
E-lån og lydbøker
Du kan laste ned ein app på telefonen din som heiter Bookbites. Der kan du søkje og låne e-bøker og lydbøker. For å kunne gjere dette, føreset det at du har nasjonalt lånekort.
På nettsida BookBites | Heile Noregs digitale lesefellesskap får du hjelp og informasjon til å laste ned appen på telefonen.
Nasjonalt lånekort
Spør oss, så lagar vi eit nasjonalt lånekort til deg. Du må oppgi fullt namn, adresse, fødsels- og personnummer. Dette blir oppbevart i samsvar med. lov om behandling av personopplysningar.