Den kulturelle spaserstokken
Den kulturelle spaserstokken er eit kommunalt og interkommunalt samarbeid der kunst - og kulturtilbod skal vere tilgjengelege for eldre.
Om Den kulturelle spasestokken
Den kulturelle spasestokken er ei nasjonal kultursatsing som har som mål å sørgje for profesjonell kunst- og kulturformidling til eldre. Ordninga legg til rette for samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren, slik at det blir kulturelle arrangement lokalt innanfor eit mangfald av sjanger og uttrykk. Ordninga skal òg bidra til at eldre får eit tilpassa kulturtilbod på arenaer der dei oppheld seg i dagleglivet.
Kulturarrangement i Åseral
I Åseral legg vi til rette for kulturarrangement- og opplevingar på Åseralsheimen og onsdagsklubben på Minne kultursenter. Det blir sett opp ein aktivitetskalender kvart halvår for kulturelle arrangement på onsdagsklubben på Minne og open dag på heimen.