Idrettsanlegg og symjehall

Kommunen har gjennom kommuneplanar, reguleringsplanar og avtalar med grunneigarar og frivillige organisasjonar gode areal og fasilitetar for idrett og friluftsliv. Private organisasjonar og selskap bidreg og betraktelig i kommunen sitt tilbod. Åseral idrettslag har tilbod om allsidig aktivitet innan idrett og mosjon og deltek i planlegging og drift av nye og eksisterande idrettsanlegg.

Om Åseral Idrettsråd og Idrettslag

Åseral Idrettsråd skal vere eit bindeledd mellom kommunen og idrettslag. Meir informasjon om Åseral Idrettslag og Åseral Idrettsråd finn du her:
Info frå Noregs Idrettsforbund
Åseral ILs heimeside

Åseral Flerbrukshall

Åseral fleirbrukshall ligg lokalisert ved Åseral barn- og ungdomsskule. Adresse: Bordalen 6, 4540 Åseral.

Fasiliteter ved Åseral Flerbrukshall

  • Svømmehall (12,5m). Åseral idrettslag har ope tilbod om familieaktivitet i svømmehallen fredagar i skuleåret, «Fredagsbading»
  • Skytterbane
  • Styrkerom
  • Idrettshall
  • Liten gymsal
  • Garderober
  • Scene med teleskoptribune og lyd/ljosanlegg

Åseral Idrettspark

  • Buldrevegg
  • Fotballbane (11’er bane med kunstgras)
  • Grop for lengdehopp
  • Spyd, diskos, kulestøt
  • Løpebane 400m med hekker
  • Ballbinge
  • Utandørs fitnessanlegg
  • To volleyball baner, herav 1 sandvolleyball bane
  • Handballbane

Andre idrettsanlegg i Åseral

  • Ski/turløyper: Ljosløype i Kyrkjebygd sentrum på 3,5 km. 3 skisenter med alpint og fleire rundløypar for langrenn. Dei lengste på 20 km. Regionalt skiskyttaranlegg på Bortelid. Standplass til 21 skiver og asfaltert trasé for rulleski er under opparbeiding.
  • Badeeplassar: Lislehylen ved rådhuset, Lognavatn
  • Volleyballbanar: Sandvolleyball ved rådhuset og Lognavatn, Uteområdet ved skulen
  • Andre anlegg: Ein utandørs fjellklatrevegg på Bortelid. Parkering ved Bortelidtjønna. Er bolta, men resten av utstyret må du ha sjølv. Uteskuleplassen v/ Kyrkjebygd skule, Ballbinge Grokleiv, Grusbane Kylland grendehus