Dagsturhytta "TIPPIN"

Dagsturhytta Tippin ligg luftig og eksponert til like nord for Kyrkjebygda. Frå hytta er det flott utsyn over bygda og Øre. Frå parkeringsplassen ved Åseral idrettspark tek turen om lag 1 time tur/retur. På vegen oppover lia til dagsturhytta er det lagt inn nokre overraskingar for dei som har auga med seg og ser godt etter. 

Kva er Tippin?

Tippin er eit dagsturmål der du kan ta ein pause, ete matpakka, treffe andre, oppleve naturen omkring, gå innandørs for å få varmen på kalde haustdagar og kanskje bla i ei bok? Hytta er 25 m2 stor og har både bibliotek og vedomn. Her kan du finne bøker om både natur, lokal historie, eventyr og mykje anna. Bøkene er meint å skulle lesast når du er på hytta og kan ikkje lånast med heim. Ta med eigen ved dersom du vil fyre. Dagsturhytta har solcelleanlegg slik at du har lys tilgjengeleg om det skulle bli mørkt ute. Hytta er berre meint for dagsbesøk, så har du lyst til å overnatte må det eventuelt gjerast i ei hengekøye eller liknande i nærleiken. 
Turbiblioteket er eit samarbeid mellom Agder fylkesbibliotek og folkebiblioteket i Åseral kommune.
 

Dagsturhytta Agder

Tippin er ein del av konseptet Dagsturhytta Agder – eit samarbeidsprosjekt mellom alle kommunane i Agder, Sparebankstiftelsen SR-Bank og Agder fylkeskommune. I løpet av 2024 vil du finne ei slik dagsturhytte i kvar av dei 25 kommunane i fylket. 
Nokre har som mål å besøke alle dagsturhyttene i fylket og bloggar om sine opplevingar – her kan du sjå kva Marits turblogg meiner om turen opp til Tippin

Dagsturhytta - Tippin - Klikk for stort bilete