Allemannsretten

Alle har lov til å ferdast og opphalde seg i utmarka i Noreg. Allemannsretten er eit gratis fellesgode og ein del av kulturarven vår.

Allemannsretten i norsk natur

Allemannsretten gir rett til å ferdast og opphalde seg i norsk natur. Ho gjeld når du er i skogen, på fjellet, sjøen og elva, i vatna – uavhengig av kven som er grunneigar. Du kan også hauste av naturen: plukke bær, sopp og blomar, eller fiske saltvatnfisk

Reglar for ferdsel og opphald

Ferdselen og opphaldet må skje innanfor rimelegheita sine grenser, og på ein slik måte at du ikkje er til ulempe for grunneigaren og andre som er på tur.

Du skal alltid ferdast varsamt og ta vare på naturen der du er.

Friluftsloven og allemannsretten

Stadfest i friluftsloven
Retten til fri ferdsel og opphald er forankra i friluftsloven, som blei vedtatt i 1957. Loven avklarar forholdet mellom friluftslivet og grunneigaren sine rettar til å disponere eigen grunn, og den tek omsyn til begge deler.

FRILUFTSLOVEN

Både rettar og plikter
Allemannsretten gir deg rettar, men også plikter, og det er viktig å vere klar over at alle rettane som allemannsretten gir, er avgrensa.

Fri ferdsel og opphald skal gå føre seg utan nevneverdig ulempe for andre. Allemannsretten tek sikte på å regulere bruken, slik at skadane på naturmiljøet blir minimale, og at konfliktnivået dempes. Friluftslivet definerer avgrensingar i § 11 om god ferdselskultur.

Aktivitetar som ikkje er inkludert i allemannsretten

Nokre aktivitetar er så belastande for grunneigaren og naturen at dei ikkje kan reknast blant allemannsrettane, til dømes paintball.

(Kjelde: miljødirektoratet)