TT-kort og arbeidskøyring

Funksjonshemma i Agder kan få økonomisk stønad til reiser. Dette gjeld personar som ikkje kan nytta det vanlege kollektive rutetilbodet. For desse kan vi tilby tilpassa transport med drosje eller spesialbil. Ordninga skal ikkje erstatta eit dårleg eller manglande kollektivtilbod.

Agder fylkeskommunes rolle

Det er Agder fylkeskommune som tildelar TT-kort etter søknad.

TT-kort Agder

Kontaktinformasjon for søknadsskjema

Innbyggarane i kommunen må kontakta kommunen for å få søknadsskjema og hjelp til utfylling.

Kriterier for økonomisk støtte til fritidsreiser

Du kan få økonomisk støtte til fritidsreiser med taxi. Du får då eit TT-kort til betaling av reisa. TT-kort til fritidsreiser blir prioritert blinde, sterkt svaksynte og faste rullestolbrukarar. Personar med sterkt nedsett mobilitet kan og søkja.

Kriterier for økonomisk støtte til arbeidsreiser

Personar som har TT-kort og har tilrettelagt arbeid (VTA) kan også søkja om støtte til arbeidsreiser. Personar med varig funksjonshemming som har vanleg arbeid må søkje støtte frå NAV til arbeidsreiser.