Støttekontakt

Tenesta skal leggje til rette for at personar som har behov for det, får ei aktiv og meiningsfull fritid, og er retta mot den som ikkje kan ta omsorg for seg sjølv, eller den som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp.
 

Føremålet med tenesta

  • Individuell tilrettelegging slik at brukaren kan delta i ulike fritidsaktivitetar/tilbod
  • Utvide brukaren sitt sosiale nettverk
  • Gje brukaren kontakt og støtte på eigne premissar

Tilbodet blir tildelt etter søknad, og er eit gratis tilbod.

Kriterier for tildeling

  • Førebyggje/bryte ned sosial isolasjon
  • Vedlikehald/meistring av sosial kompetanse

Du kan søke sjølv, eller via lege, heimeteneste eller sjukehus.

Søknad om helse- og omsorgstenester i Åseral kommune (PDF, 382 kB)

Sakshandsamar ved Psykisk helse vel ut støttekontakt saman med deg.