Parkeringskort for forflyttningshemma

Parkeringskort for forflytningshemma kan nyttas på p-plasser som er reservert for forflytningshemma angitt ved offentleg trafikkskilt. Her er det gratis å parkere. Enkelte plasser reservert for forflytningshemma er skilta med lengste tillate parkeringstid. Denne makstiden må overhaldast.

Parkeringskort for forflytningshemma

Med parkeringskort for forflytningshemma kan ein òg parkere gratis på offentlege avgiftsplassar. Her er det òg tillate å stå utover maksimumstida. Parkeringskort blir gitt for eit avgrensa tidsrom. Maks 5 år og minimum 2 år, med mindre spesielle tilhøve gjer at søkjar har behov for parkeringskort for ein kortare periode.

Søknadsfrist

Søknader blir handsama fortløpande

Målgruppe

Personar som har store vanskar med å røra seg over ei viss lengd, eller som ikkje klarar å gå og som treng lettelsar for parkering i samband med bustad, arbeid og/eller anna aktivitet

Krav til søkjar

Funksjonshemma, sjuke og uføre som er busette i kommunen eller som skal opphalde seg i kommunen over lengre tid.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis

Søknadsbehandling

Legeerklæring og passfoto må følgja søknaden. Søknad om parkeringskort for forflytningshemma blir handsama av kommunen. Parkeringskort blir tildelt etter ei heilskapeleg vurdering av medisinske og personlege behov.

Søknadsskjema for parkeringskort for forflytningshemmede

Klage

Viss kommunen avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har fatta vedtaket. I klagen skal du angi kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngjeva dette. Kommunen vil kunne gi deg rettleiing. Klageinstans er kommunens eiga klagenemnd. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som har fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Viss vedtaket blir oppretthaldt, vil saka bli sendt til klagenemnda.

Annan informasjon

Forskrift om parkering for forflytningshemma