Kva er NAV?
NAV forvaltar ein tredjedel av statsbudsjettet gjennom ordningar som dagpengar, arbeidsavklaringspengar, sjukepengar, pensjon, barnetrygd og kontantstøtte.
Etablering og Organisasjon
NAV vart etablert 1. juli 2006. Kommunane og staten samarbeider om å finne gode løysingar for brukarane gjennom 456 NAV-kontor, i kommunar og bydelar. Kommunen og NAV har avtalt kva kommunale tenester kontoret skal tilby. Tenesteinnhaldet i eit NAV-kontor vil difor variere frå kommune til kommune.
Organisasjonen NAV, eller Arbeids- og velferdsforvaltninga, har om lag 19 000 medarbeidarar. Av desse er om lag 14 000 tilsette i staten, Arbeids- og velferdsetaten, og om lag 5 000 er tilsette i kommunane.
I tillegg til NAV-kontora er det over hundre spesialeiningar. Spesialeiningane løysar sentraliserte oppgåver som det ikkje er tenleg å utføre i førstelinja på det enkelte NAV-kontoret.
NAV sine Målsetningar
Hovudmåla til NAV er fleire i arbeid og aktivitet, færre på stønad, ein velfungerande arbeidsmarknad, rett teneste og stønad til rett tid, god service tilpassa brukaren sine føresetnader og behov, ein heilskapleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning.
Namneforklaring
Kva tyder NAV? NAV er namnet på Arbeids- og velferdsforvaltninga. NAV var opphavleg forkorting for Ny Arbeids- og Velferdsforvaltning. NAV er no eit eigenamn og ei merkevare, og vi skriv det med store bokstavar.