Informasjon om koordinator og individuell plan
Kva er koordinerte og langvarige tenester?
For deg som har behov for langvarige og koordinerte tenester etter helse- og omsorgstenestelova (HESO) §7-2, skal kommunen tilby koordinator og individuell plan. Med behov for «koordinerte tenester» meintast at behova må gjelde to eller fleire helse- og omsorgstenester, det vil seia tenester frå ulike tenesteyttere, og at tenestene bør sjåast i samanheng. Med behov for langvarige tenester meintast at behova bør ha ein viss varighet, men det krevst ikkje at behova skal vera varig, eller strekke seg over eit bestemt antal månader eller år.
Forståing av individuell plan
Ein individuell plan er eit verktøy for samarbeid og ein rettighet for dei som har behov for langvarig og koordinerte tenester jamfør helse- og omsorgstenestelova § 7-1. Retten til ein individuell plan er uavhengig av alder, diagnose og funksjon.
Rettslige aspekt ved ein individuell plan
Planen i seg sjølv utløyser ikkje rettar til tenester. Tenesta er gratis.
Kva oppgåver har ein koordinator?
Ein koordinator er ein tenesteyter som skal:
- vera kontaktperson for deg og for medlemmane i ansvarsgruppa,
- ha oversikt over dei tenesteyterne som bistår deg, og innhente samtykke for vidare samhandling,
- planlegge ansvarsgruppemøte i samarbeid med deg, kalle inn, gjennomføre møte og sjå til at referat blir skrive,
- informere om og vera ansvarlig for at det blir utarbeida ein individuell plan dersom du har behov for dette,
- delegere ansvarsoppgåver i ansvarsgruppa,
- sørge for oppnemning av ny koordinator ved lengre fråver.
Effektar av ein individuell plan
Ein individuell plan kan:
- hjelpe deg til å kartlegge din livssituasjon og setja deg mål for kvardagen,
- gje ein oversikt over deltakere i ansvarsgruppa,
- sikre at dine samarbeidspartnarar samarbeider med deg og kvarandre,
- bidra til mindre brevutvekslinger, og er eit elektronisk kommunikasjonsverktøy der deltakerane kan senda meldingar til kvarandre.
Søknadsprosessen
Slik søkjer du:
Du eller person gitt skriftleg fullmakt må ønske og samtykke oppnemnad koordinator for utarbeiding av individuell plan. Når du har søkt og saka er vurdert, vil kommunen sende skriftleg svar på søknaden din.
Søknad om helse- og omsorgstenester i Åseral kommune (PDF, 382 kB)
Reglar for born
Born under 16 år:
For born under 16 år er det bornets foreldre eller andre med foreldreansvar som kan samtykke. Born over 16 år kan som hovudregel sjølv gje samtykke.
Kostnaden for tenesta
Tenesta er gratis.
Aktuelle lenker
Les meir om føremålet med individuell plan og koordinator hos Helsedirektoratet
Sjå forskrifta om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator § 1