Klageprosess: Kven, kor og korleis?
Kvar kan du klage eller melde?
Helsetenesta
Hovudtilrådinga er at uønskte hendingar skal takast opp direkte med dei som har gitt helse- og omsorgstenesta, eventuelt deira leiar. Alle tenester skal ha ordningar for dette. Henvendingane kan vera både skriftlege eller muntlege.
Statsforvalter
Om du som pasient, brukar eller pårørande merkar at det ikkje blir gitt helse- og omsorgstenester eller at kvaliteten på tenestene er uforsvarleg, kan du klage. Lova skal sikre at alle får tilgang på nødvendige helsetenester og at desse er av forsvarleg kvalitet. Du kan og klage på at helsepersonell gir utilstrekkeleg eller gal informasjon, at helsepersonell bryt teieplikta eller ulovleg bruk av tvang overfor pasientar. Meir informasjon finn du på www.statsforvalteren.no.
Meldeordninga for dødsfall og svært alvorlege hendingar
Pasient, brukar eller nærmaste pårørande kan melde til Statens helsetilsyn om dødsfall eller svært alvorleg skade på pasient eller brukar som følgje av yting av helse- og omsorgstenester, eller ved at ein pasient eller brukar skadar ein annan. Adgangen til å melde gjeld om utfallet er uventa ut frå rekna risiko. Alle verksemder som yter helse- og omsorgstenester, har plikt til å melde om same type hendingar. Meldingane skal sendast til Statens helsetilsyn som innhankar informasjon og avgjer om det er grunnlag for vidare kontroll i saka. Meir informasjon finn du på Helsetilsynets heimesider.
Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta (Ukom)
Undersøkingskommisjonen er ein uavhengig statleg verksemd som kan undersøke alvorlege hendingar og andre alvorlege forhold i helse- og omsorgstenesta i Noreg. Føremålet med undersøkingane er å kartleggje kva som skjedde, og påvise bakenforliggjande årsaker til hendinga. Slik kunnskap vil bidra til læring og endring slik at nye alvorlege hendingar kan førebyggjast. Meir informasjon finn du på www.ukom.no.
Norsk pasientskadeerstatning
Norsk pasientskadeerstatning behandlar økonomiske erstatningskrav frå pasientar som meiner dei har fått ei skade etter behandlingssvikt i helse- og omsorgstenesta.
Meir informasjon finn du på www.npe.no.
Kven kan hjelpe deg med å klage eller melde?
Pasient- og brukarombodet
Du kan kontakte pasient- og brukarombodet, der vil dei tilsette svara på spørsmål om kva slags rettar pasientar, brukarar og pårørande har. Pasient- og brukarombodet bistår i klagesaker og deltek også i dialogmøter mellom pasientar, brukarar og helsetenestene, både dei kommunale og på spesialistnivå. Du kan kontakte ombodskontora både via e-post, telefon eller brev. Meir informasjon om ordninga finn du på www.helsenorge.no.
Pasient- og brukarorganisasjonar
Det er mange pasient- og brukarorganisasjonar som hjelper medlemmane og andre med rettleiing og klageformat. Overblikk over pasient- og brukarorganisasjonar.
Klagefrist
Ikke lovpålagde tenester
Du sender klagen til den som har truffet avgjerda. Om klagen ikkje blir teken i vare, blir den send vidare til kommunens eiga klagenemnd for endeleg avgjerd. Klagefristen er 3 veker etter at du fekk, eller burde ha fått, nok kunnskap for å fremje ei klage.
Lovpålagde tenester
Du sender klagen til den som har truffet enkeltvedtaket. Om klagen ikkje blir teken i vare, blir den send vidare til statsforvalter for endeleg avgjerd. Du må klage innan 4 veker etter at du fekk, eller burde ha fått, nok kunnskap for å fremje ei klage.