Hospitering i helse og omsorg

Kommunen har avtale om hospitering med SSHF (Sørlandet sjukehus helseføretak). Det vil seie at tilsette på sjukehuset kan søkje om hospitering i kommunen, og tilsette i kommunen kan søkje om hospitering på sjukehuset. 2 gonger i året, på våren og hausten.

Hospitering i kommunen

Hospitering i kommunen er eit tidsavgrensa opphald kor du som hospitant deltar i dagleg drift i tenesta utan å ha eit sjølvstendig ansvar. Som hospitant vil du få eit innblikk i og lære korleis vi arbeider og er organisert i kommunehelsetenesta i Åseral kommune.

Målet med hospitering

Målet er å auke forståinga for kommunehelsetenesta si samhandling med spesialisthelsetenesta – fokusert mot praktiske problemstillingar innan helse og omsorg i kommunen.

Hospiteringsprogram hjå oss

Alternativ 1: Hospitering på Åseralsheimen

Alternativ 1: Hospitering 3-4 dagar på Åseralsheimen. Her får du innblikk i korleis vi arbeidar på ein moderne og flott sjukeheim. Åseralsheimen har langtidsplassar, korttidsplassar, KØH (kommunal augeblikkeleg hjelp- plass), bufellesskap for demente og omsorgsbustader med heimeteneste.

Alternativ 2: Hospitering innanfor spesifikke helsetenester

Alternativ 2: Hospitering 3-4 dagar i helsetenesta som til dømes på legekontor, helsestasjon eller innan psykisk helse og rus. Vi kan lage opplegg for deg der du får innblikk i heile helsetenesta eller du kan velje ut eit fagområde.