Kommunen sitt smittevern blir tatt hand om av kommuneoverlegen og helsesjukepleiaren.
Smittevern, som til dømes i samanheng med utbrot av harepest, forureining av vasskjelder og liknande
Kontakt kommuneoverlegen ved mistanke om forureining av vasskjelder, utbrot av smitte som til dømes harepest og liknande.
Reisevaksinering
Reisevaksinering får du på Sørover i Kristiansand. Du kan få medisinske råd og rettleiing ved utanlandsreiser og tilbod om vaksinasjonar og reseptar, mellom anna for medisiner til førebygging av malaria. Ein kan og bestille time hjå fastlegen dersom ein har spørsmål angåande reisevaksiner.
Kva er HPV?
HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførte infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokon får ei vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65-100 dør av sjukdomen. Vaksinen kan gi beskyttelse sjølv om ein har debutert seksuelt.
HPV-vaksine
HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7.klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner fødde 1991 og seinare også få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er midlertidig og varer i ein toårsperiode frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser gitt i løpet av 6-12 månader og må difor startast opp innan utgangen av 2018.
Timebestilling eller meir informasjon om vaksinen
FOR TIMEBESTILLING ELLER MEIR INFORMASJON OM VAKSINEN - KONTAKT: Helsestasjonen i Åseral
Besøksadresse: Helsehuset, Gardsvegen 66, 4540 Åseral
Telefon: Helsesjukepleiar Hildegunn Sangesland: 975 30 758
Meir informasjon om HPV og HPV-vaksine
Folkehelseinstituttet