Rusavhengigheit

Tenesta er retta mot personar over 18 år som står i fare for å utvikla rusmisbruk, eller som er avhengige av rusmiddel.
Folk som står i fare for eller har utvikla rusmiddelavhengigheit har ofte behov for samansette tenester over tid. Mange har somatiske og psykiske lidingar i tillegg til rusmiddelproblem. Det er difor naudsynt å tilby ei samanhengande tenestetilbod som omfattar førebyggingstiltak, kommunale tenester og spesialisthelsetenester.

Føremål

Å formidla behandling og/eller oppnå rusmeistring og fremja sjølvstende og evne til å meistra eigne liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskjer og mål.

Vår rolle i rusarbeid

Rusarbeid omfattar individuell hjelp ut ifrå behov som kjem fram i søknad og vurderings/kartleggingssamtale.

Ruskonsulenten kan vere til hjelp overfor arbeidsgjevar, NAV og andre. Det kan og formidlast hjelp til rusbehandling på anna nivå.

Søknadsprosess

Korleis søke?

Søknad om helse- og omsorgstenester i Åseral kommune (PDF, 382 kB)

Fyll ut skjema, og send til Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 Åseral.
Eller epost: post@aseral.kommune.no

Rusmiddelpolitikk

Rusmiddelpolitikken er sektorovergripande og krev samarbeid på tvers av fagavdelingene. Rustiltaka er fleire, og avhengig av flere variabler. Det kan for eksempel vera snakk behov for akutt avrusning, gravide rusmiddelbrukere, legemiddelassistert rusmiddeltiltak (LAR) eller andre tiltak.

For fullstendig oversikt over tilgjengelige tiltak, ta kontakt med oss.

Lovverk

Lovverk som kjem til anvendelse er avhengig av tiltak som igangsettes. Nedenfor finn du lover som kan vera aktuelle.

Annan Informasjon

Helse- og omsorgstjenesteloven § 3

Forebygging.no

RUStelefonen