Pasientens Behov og Mål i Pakkeforløp for Psykisk Helse og Rus
Behandling og oppfølging skal tilpassast pasientens behov
Auka brukarmedverknad og brukartilfredsheit er sentrale mål i pakkeforløp for psykisk helse og rus. Det er du som er ekspert på eige liv, og som veit kva som er viktig for deg.
Individuell Plan og Ansvar for Brukarmedverknad
Dersom du har behov for fleire tenester over lang tid har du rett til ein individuell plan. Det betyr at du i samarbeid med dei som gir deg tenester, set opp dine mål, Kva for tiltak som skal til for å nå måla og kven som har ansvaret.
Brukarmedverknad inneber og at du har ansvar for å sei ifrå om kva som er viktig for deg, og om du opplev at behandlinga og oppfølginga du får gir deg det du treng for å bli betre.
Informasjon om Brukar- og Påarørandeorganisasjonar
Du skal også få informasjon om kva for brukar- og pårørandeorganisasjonar som finst på psykisk helse og rusfeltet. Brukarorganisasjonane er dreve av brukarar som har eigenerfaring med psykisk helse og rusutfordringar. Her kan du få hjelp og støtte frå likepersonar, informasjon om dine rettar eller hjelp til å klage. Det finst også regionale brukarstyrte senter med tilbod om aktivitet og rådgjeving.
Koordinert oppfølging gjennom forløpskoordinator
Koordinert oppfølging heile vegen
Eit sentralt grep for å sikra god oppfølging og unngå unødige avbrot er bruk av forløpskoordinator både i kommunen og i spesialisthelsetenesta. Forløpskoordinatoren skal vera med og sikra at utgreiing, behandling og oppfølging er individuelt tilpassa og skjer utan unødvendig ventetid.
Forløpskoordinatoren vil vara ein viktig kontakt for deg og eventuelt dine pårørande, og kan svare på spørsmål og gi informasjon om kva som skal skje undervegs i eit forløp.
Henvising til pakkeforløp
Kommunen startar pakkeforløpet ved å sende ein henvising til spesialisthelsetenesta. Det er kommunen sitt ansvar å sikra nødvendig oppfølging i påvente av eventuell behandling i spesialisthelsetenesta.
Når spesialisthelsetenesta har motteke henvisinga, gjer dei ei vurdering av om du har rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta. Dersom du har det, får du eit brev med informasjon om kven du skal møte til samtale, kor og når. Planlegging av utgreiing og behandling skal skje i tett samarbeid med deg.
Pårørande sine Roller og Rettar
Du som er pårørande er ofte pasienten sin viktigaste støtte. Du kan bidra med viktig informasjon, gi gode råd og vera ein samarbeidspartnar for pasienten gjennom forløpet. Helsepersonell skal vera merksam på dine behov, og bidra til at behandlinga og oppfølginga har eit familieperspektiv. Born og sysken som er pårørande skal takast omsyn til på ein god måte.
Korleis du som pårørande involverast avheng mellom anna av kva for rolle du har i ei gitt behandlings- og omsorgssituasjon; for eksempel om du har omsorg for pasienten, er ein del av pasienten sitt nærnett eller ein representant for han eller henne. Jo meir alvorleg tilstanden eller lidelsen er, desto viktigare er det at pårørande blir involvert.