Psykisk helse og avhengighet

Psykisk helse og avhengighet har kontor på Helsehuset. Dei har brei erfaring innan fagfelta psykisk helse og rus, og kan bistå med samtalar og veiledning, familieveiledning, praktisk bistand o.a. Det er og tilbod om veiledning m.t.p. sinnemestring. Det er nært samarbeid med lege, helsestasjon og 2. linjetenesta.

Generell informasjon om tenesta

Om du opplever ei livskrise, har psykiske vanskar og/eller rusproblem, har kommunen ulike tilbod som skal styrke evnene til å meistre livet. Det kan vere hjelp til å finne sosiale aktivitetar, råd og rettleiing både til deg og pårørande, samtalegrupper med meir.

Tilbod om støtte og behandling

Støtte- og behandlingssamtalar, heimebesøk, bustadtrening og rehabilitering
Rettleiing til pårørande, gjeld og born og unge som pårørande
Hjelp til å utarbeide individuell plan

Målgruppe

Personar over 18 år som bur heime og som har psykiske utfordringar/lidingar og/eller rusproblem.

Ytterlegare informasjon om tenestemottakarar

Personar med psykiske vanskar som ynskjer hjelp og støtte
Pårørande til personar med psykisk sjukdom og/eller rusproblem
Tenesta er eit lågterskeltilbod. Det er ditt behov som avgjer om du vil kunne motta tenesta.
Alvorlege, moderate eller langvarige psykiske plager, store livspåkjenningar og/eller rusproblem.