Svangerskapsomsorga er eit tilbod til alle gravide og byggjer på samarbeid mellom lege og jordmor. Jordmor har kontor på Helsehuset.
Målet for svangerskapsomsorga er å sikre at svangerskapet går så normalt og trygt som mogleg både for mor og barn. Ved avvik frå det normale, henviser vi til vidare oppfølging ved sjukehuset. Vi har fokus både på den fysiske og psykiske helsa gjennom svangerskapet. Far er sjølvsagt også velkomen til å vere med på svangerskapskontrollane. Det vert lagt vekt på individuell rettleiing med førebuing til fødsel, amming og den fyrste tida etterpå.
Tenesta er retta mot
- Du som ventar barn
- Barselkvinner og spedbarn
- Du som planlegg graviditet
- Du som ynskjer prevensjonsrettleiing
Kva jordmortenesta kan tilby
- Oppfølging i svangerskapet
- Informasjon om samspel og foreldrerolla
- Svangerskapskurs i samarbeid med fødeavdelinga
- Ammeundervisning
- Prevensjonsrettleiing
- Heimebesøk etter fødselen
- Barseltreff og mødregruppe
Vi oppmodar deg til å ta kontakt med lege ved stadfesta graviditet. Når du er gravid må du ta fleire obligatoriske (og eventuelt anbefalte) blodprøver etter veke 12. Første kontroll hos jordmor er anbefalt mellom svangerskapsveke 8-12. Partnaren din eller ein annan følgjesvenn må gjerne bli med på kontrollane dersom de ynskjer det.
Samarbeidet mellom Jordmødrene og helsevesenet
Jordmødrene har eit godt samarbeid med fastlegane, privatpraktiserande gynekologar og fødeavdelinga på sjukehuset. Vi samarbeider og med helsesyster som skal følgje opp barnet ditt etter fødselen.
Kontaktinformasjon for Jordmor
Du kan når som helst ta kontakt med jordmor på helsestasjonen. Hugs å ta med helsekort for gravide og morgonurin kvar gong du kjem til jordmor. Vi ynskjer velkomen til eit trygt og hyggeleg samarbeid!