Habilitering

Habilitering har kontor på helsehuset, men yter tenester rundt omkring i kommunen der den enkelte brukaren er. Habilitering er eit samarbeid med personar som har ei funksjonsnedsetting, nærpersonar og fagpersonar for å gje støtta som trengst for eit best mogleg liv. Habilitering samarbeider også med mange andre aktuelle tenester som barnehage, skule, jobb og primær- og spesialisthelsetenesta.

Føremål

Vi ynskjer å støtte den einskilde til å nå best mogleg funksjon- og meistringsevne og delta i alle delar av livet. Då er det viktig å legge til rette for personleg utvikling, men og tilpasse omgjevnadene for å auka graden av sjølvstende.

Målgruppa

Habilitering ynskjer å vera ei støtte for personar med funksjonsnedsetjing i alle fasar av livet. Sidan funksjonsnedsetjing ofte er medfødd eller erverva i ung alder, vil det i mange høve vera eit livslangt behov for oppfølging. Det kan drøyse seg om personar med avgrensing i fysiske, psykiske, kognitive eller sosiale funksjonsevne, med eller utan ein diagnose.

Nokre av våre tenester

- Koordinator, barnekoordinator og individuell plan
- Støttekontakt
- Praktisk hjelp og opplæring
- Dagtilbod
- BPA
- Oppfølging i eigen heim
- Avlasting
- Rettleiing/ støttesamtalar

Yterleg informasjon om tenestemottakar

Mange foreldre kan oppleva at det tidvis kan vera krevjande å ha eit barn med omfattande hjelpebehov. Habilitering ynskjer å ha fokus på å hjelpe pårørande og

familien ellers slik at alle blir tekne vare på på ein god måte. Gravide som får informasjon om sjukdom hos foster, har og rett på tenester frå habilitering i form av barnekoordinator.