Fysioterapi

Fysioterapi er ei klinisk og førebyggjande verksemd. Det er ei lovpålagd teneste. Fysioterapeutar har rett til å undersøkje og handsame utan tilvising frå lege eller anna helsepersonell. Frisklivssentralen ligg og under fysioterapeutane.

Åseral kommune har tilsett fysioterapeut der ein del av stillinga er kommunal og resten er privatpraktiserande med driftstilskot.

Den kommunale delen av fysioterapien har tett samarbeid med helsestasjon, skule, barnehage og pleie- og omsorgstenesta.

Aktuelle fysioterapitenester i Åseral kommune

- Rehabilitering etter sjukdom/skade
- Habilitering
- Tilrettelegging av heim, skule, barnehage og institusjon i samarbeid med hjelpemiddelansvarleg.
- Trening i basseng
- Trening i kvardagslege aktivitetar
- Gruppetrening

Fysioterapeut held til i eigne lokale på sjukeheimen i Åseral.