Frisklivssentral

Frisklivssentralen i Åseral gir rettleiing og støttar deg som ønskjer å endra levevanar knytt til fysisk aktivitet, kosthald eller tobakk.

Er dette noko for meg?

«Grøn resept» gir deg høve til oppfølging individuelt og i gruppe. Ho er eit tilbod til personar over 18 år, som står i fare, eller som har begynt å utvikle livsstilssjukdommar, som til dømes overvekt, diabetes og høgt blodtrykk. Du treng ikkje ha nokon diagnose eller vere sjuk for å delta i tilbodet.

Korleis få «Grøn resept»?

Du kan ta kontakt sjølv, fastlege, NAV eller anna helsepersonell kan fylle ut ein søknad for deg. Då får du tilbod om helsesamtale, og utifrå den kan vi sjå om det er eit tilbod som kan passe for deg.

Kva inneheld «Grøn resept»?

«Grøn resept» inneheld:
- Helsesamtale
- Frisklivstrening
- Godt kosthald kurs
- Snus- og røykesluttkurs

Helsesamtalen er gratis. Resepta varer i 3 månader, og kostar 300 kr. Du kan få fleire periodar om du har behov for det.

Vi har samarbeid med nabokommunane, så det kan vere mogleg å følge kurs hos dei.