Kven kan motta praktisk hjelp?
Personar som på grunn av sjukdom eller andre årsaker er avhengige av hjelp til dagleglivets gjeremål kan ha rett til praktisk hjelp frå kommunen.
Det vil bli gjort ei kartlegging og individuell vurdering av kva hjelpa skal bestå av og kor ofte det er behov.
Døme på tenestene inkluderar:
Vanleg reinhald i dei romma som er i dagleg bruk. Med vanleg reinhald meiner vi golvask, vask av toalett/bad, servant, kjøkkenbenk og liknande.
Det kan òg vere støvtørking, rydde inn/ut av oppvask i oppvaskmaskin, klesvask, skifting av sengetøy eller hjelp til å bestille matvarer.
Tenestene inkluderar vanlegvis ikkje:
- Oppgåver den enkelte klarer sjølv
- Rydding før reinhald
- Reinhald under store møblar som må flyttast, samt risting av store tepper
- Reinhald etter andre husstandsmedlem, gjestar eller handverkarar
- Grundig reingjering
- Vask av vindauge (ein kan få hjelp til å vaske vindauge x 2 per år, men berre der det er greitt å kome til utan bruk av stige)
- Arbeidsoppgåver som følgje av å ha dyr
- Arbeidsoppgåver utanfor bustaden som hagestell, snørydding o.l.
Forventningar til hushaldet
Dersom det bur fleire i husstanden er det forventa at dei gjer sin del av husarbeidet. Mottakar må vere heime når tenesta blir gitt.
Søknadsprosessen
Du kan søke via dette skjemaet: Søknad om helse- og omsorgstenester i Åseral kommune (PDF, 382 kB)
Kostnad
Praktisk hjelp blir regulert ut frå kommunens gebyrregulativ, samt Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester. For å fakturere rett sats vil opplysningar om hushaldets samla nettoinntekt bli innhenta kvart år.
Gjeldande lover og forskrifter
Helse- og omsorgstenestelova § 3-2
Forskrift for eigenandel for helse- og omsorgstenester §§ 8, 9 og 10
Pasient- og brukarrettigheitslova