Middagsombringing

Middagsombringing er eit tilbod til dei som grunna sjukdom, alder eller andre årsaker ikkje er i stand til å ta vare på næringsbehovet på ein tilfredsstillande måte. Det gjeld mellom anna ved feil- eller undernæring, fare for dette, eller ved funksjonsnedsetjing som gjer det vanskeleg å lage eigne måltid.

Kven kan få tenesta?

Middagsombringing er ikkje ei lovpålagd teneste, men eit behovsprøvd tilbod.

Søknadsprosessen

Ein kan søkje om å få utlevert middag 1 - 3 dagar i veka (måndag-onsdag-fredag).

Det er heimetenesta eller frivillige som køyrer middagen heim til deg frå kjøkkenet på Åseralsheimen. For at middagen skal bli levert heim til deg må det ligge eit ernæringsmessig behov til grunn, eventuelt at utlevering skjer i kombinasjon med andre tenester.

I nokre tilfelle kan det bli fatta vedtak om middag, men at ein må ordne henting sjølv.

Når kommunen får søknad vil det bli gjort ei kartlegging av behov og fagleg vurdering før vedtak vert fatta.

Korleis søkje?

Du kan søkje gjennom dette skjemaet: Søknad om helse- og omsorgstenester i Åseral kommune (PDF, 382 kB)

Kva kostar tenesta?

Middagsombringing er ei prisa teneste som er regulert ut frå kommunens gebyrregulativ/prisliste.

Klagerett

Vedtaket er eit enkeltvedtak ein kan klage på. Skriftleg klage skal sendast til den som har fatta vedtaket i kommunen. Kommunen har plikt til å gje nødvendig råd og rettleiing ved ei eventuell klage. Saka blir gått gjennom på nytt. Dersom vedtaket blir oppretthaldt, blir saka sendt vidare til Hovudutvalet for oppvekst og levekår i kommunen for endeleg handsaming.

Klagefristen er 3 veker frå du mottok vedtaket.