Helseteknologi

Helse teknologi (tidlegare kalla velferdsteknologi) er ei fellesnemning på ulike tekniske installasjonar og løysingar som kan betre den enkelte sin moglegheit til å klare seg sjølv i eigen bustad, og bidra til å sikre livskvalitet og verdigheit for brukaren.

Helse teknologi kan nyttast aleine eller vere eit supplement til andre helse- og omsorgstenester. 

Mål med helseteknologi

Målet med helseteknologi er å skape ein tryggare og enklare kvardag både for brukaren, pårørande og helsepersonell. Helseteknologi kan gje betre tenester for heimebuande eldre, pasientar på sjukeheim, pasientar innan rus og psykisk helse og personar med nedsett funksjonsevne.

Kategoriar av helseteknologi

Helseteknologi blir delt inn i 4 kategoriar:

1) Tryggleiks- og tryggingssteknologi

Tryggleiks- og tryggingssteknologi kan brukast for å skape trygge rammer rundt enkeltindividet sitt liv og meistring av eigen helse. Tryggleiksalarm er den mest brukte løysinga i denne gruppa, som blir utvida med melde- og lokaliseringsteknologi og ulike former for sensorar som kan detektere fall, brann, osv.

2) Kompensasjons- og trivselsteknologi

Kompensasjons- og trivselsteknologi hjelper når til dømes minnet blir dårlegare, eller ved fysisk funksjonshemming. Dette omfattar også teknologi som gjer kvardagslivet enklare, som til dømes sensorar for styring av lys og varme.

3) Teknologi for sosial kontakt

Teknologi for sosial kontakt hjelper menneskjer med å komme i kontakt med andre. Eit døme er videokommunikasjonsteknologi.

4) Teknologi for behandling og pleie

Teknologi for behandling og pleie gir menneskje høve til å meistre eigen helse betre, til dømes ved kroniske sjukdommar. Automatiske instrument for måling av blodsukker, blodtrykk er døme på slike hjelpemiddel.

Døme på teknologi i bruk

GPS
Dørsensor
Fallalarm
E-lås
Medisindispensar

Kven kan få?

Kommuna kan tilby helseteknologi som eit ledd i helse- og omsorgstenesta. Når kommuna mottek søknad vil det bli gjort ei kartlegging av behov og ei fagleg vurdering før vedtak blir fatta.

Slik søkjer du

Du kan søkje via dette skjemaet: Søknad om helse- og omsorgstenester i Åseral kommune (PDF, 382 kB)

Kva kostar det?

Helseteknologi er ei prisa teneste som regulert ut frå kommuna sitt gebyrregulativ/prisliste. Det vil avhenge av type teknologi.