Kven kan få tenesta?
Alle som bur eller oppheld seg i kommunen kan søkje om tenesta.
Når kommunen mottek søknad om heimesjukepleie vil det kome nokon heim til deg for å kartlegge behov før søknaden blir handsama og vedtak fatta.
Søkar sin heim skal oppfylle Arbeidsmiljøloven sine krav til det fysiske arbeidsmiljøet. Det er difor eit vilkår at du må vere villig til tilrettelegging for å kunne ta imot hjelp i heimen.
Dei som mottek tenesta må sørge for at vegen er framkommeleg for dei som skal yte hjelpa. Det skal vere lys på tun og på vinterstid skal vegen vere brøyta og strødd.
Søkjarar frå utanfor kommunen
Er du ikkje busett i kommunen, men ynskjer å søkje om heimesjukepleie medan du oppheld deg her, så må du søkje så tidleg som mogleg, og seinast 3 veker før du kjem. Dette gjeld spesielt i dei tilfella du har eit omfattande behov for hjelp.
Søknadsprosess
Du kan søkje via dette skjemaet: Søknad om helse- og omsorgstenester i Åseral kommune (PDF, 382 kB)
Kostnader
Heimesjukepleie er gratis.
Lover og forskrifter
Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 nr.6 bokstav a
Pasient- og brukarrettighetsloven § 2-1 a
Arbeidsmiljøloven § 4-4
Pasient- og brukarrettighetsloven kap 7 (klage)