Dagtilbod for demente

Dagaktivitetstilbod er eit tilbod til heimebuande med demens eller kognitiv svikt.

Tenesta er for dei som har behov for eit sosialt tilbod grunna redusert funksjonsevne, men kan òg vere eit avlastande tiltak for personar som har eit tyngjande omsorgsansvar. 

Slik søker du

Du kan søke via dette skjemaet: Søknad om helse- og omsorgstenester i Åseral kommune (PDF, 382 kB)

Kva kostar det?

Pris blir regulert ut frå Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester § 4. Inkludert i dette er mat og skyss til og frå.

Lover og forskrifter

Helse- og omsorgstenestelova § 3-2, fyrste ledd, nr 7.