Gravferd

Den som har fylt 18 år, kan i skriftleg erklæring fastsetje kven som skal ha rett til å besørge gravferda. Elles vil det vera avdøde sitt næraste etterlatne som har ansvaret for dette.

Ved usemje om kven som skal stå for gravferda, avgjer kommunen. Dersom ingen står for gravferda, skal kommunen der avdøde hadde sin bupel stå for den.

Kremasjon

Kremasjon kan skje dersom det ikkje er kjent at det strider mot avdødes religiøse overtyding eller det ligg føre ei skriftleg fråsegn. Kremasjon eller gravlegging skal skje seinast 8 dagar etter dødsfallet.

Gravferdsbyrå

Det er full høve til å stå for alt sjølv i samband med ei gravferd, men dei fleste vel å nytta seg av eit gravferdsbyrå i større eller mindre utstrekning. Den som har ansvaret for gravferda bestemmer i så fall sjølv kva for eit gravferdsbyrå vedkomande ønsker å nytta seg av.

Eit gravferdsbyrå kan mellom anna hjelpa med å:

  • Fastsetje tid for overføring, gravferd, kremasjon osb.
  • Ha kontakt med prest, musikarar, songarar, gravlund o.l.
  • Skaffa kiste og utstyr, stella avdøde
  • Ordna transport av kista
  • Ordna papir til skifterett, politi, trygdekontor o.l.
  • Annonsere dødsfallet
  • Trykka salmar og takkekort
  • Ordna blomar, dekorasjonar, kransar
  • Lega til rette for og delta under sørgehøgtida
  • Sørga for melding til og oppgjør med trygdekontor
  • Ordna med minnesamvær
  • Ordna med urnenedsetjing
  • Ordna med innskrift på gravminne, tre-kors og gravlykt
  • Nokon byrå formidlar også tenester som reinhald av bustad med rydding og bortkøyring.

Kva kostar det?

Eit gravferdsbyrå skal uoppmoda tilby prisliste til kundar som retter forespurnad til byrået om gravferdstenester. Ved bestilling skal kunden uoppmoda få eit skriftleg pristilbod og få rimeleg tid til å setje seg inn i pristilbodet før avtale blir gjort.

Folketrygda kan yte behovsprøvd gravferdsstønad med utgangspunkt i siste tilgjengelege likning/sjølvmelding. I dei fleste høve gjeld det at støttebeløpet blir redusert med summen av avdødes finansformue og det forsikringsbeløpet som blir utbetalt som følgje av dødsfallet.

Samarbeidspartnarar

Kyrkjelydsfellesskap forvaltar kommunen sine kyrkjegardar, men det er kommunen som løyver pengar til drifta.

Klage

Kommunen sin avgjerd ved usemje om kven som skal sørga for gravferda, kan ikkje klages på.

Den som har ansvaret for gravferda kan klage på eit gravferdsbyrå til Klagenemnda for gravferdstenester, Postboks 2900 Solli, 0230 OSLO. Nemnda er sett saman av ein uavhengig jurist (nemnda sin leiar) og ein representant frå Forbrukarombodet og ein frå gravferdsbransjen.